Totland døydde på Haukeland universitetssjukehus natt til i går etter mc-ulukka på riksveg 542 ved Stokkabekken sør for Bremnes onsdag kveld.

I ein venstresving mista 16-åringen med ein jamaldrande kamerat som passasjer kontroll over den lette motorsykkelen, som kom i skrens og gleid under autovernet og knekte ein stolpe. Dei to på sykkelen hadde begge hjelm og blei dels kasta over autovernet.

Ein bil kom seinare i stor fart mot ulukkesstaden, der det stod bilar oppstilt i vegbanen. Den 19-årige sjåføren, utan førarkort, greidde ikkje å stoppa for dei andre bilane, bremsa utanom køen og trefte ein 30 år gammal mann som var i ferd med å setja opp varseltrekant etter den første ulukka.

Over fartsgrensa

Den 30 år gamle mannen blei kasta 10-15 meter gjennom lufta og ned ein skrent. Han blei transportert til Haukeland med luftambulanse, men var ikkje livstrugande skadd.

Det var 50 meter bremsespor, og 19-åringen kan venta seg eit oppgjer med rettsvesenet. Politiet og biltilsynet gjennomførte i går målingar og testar for å fastslå kor stor fart ulukkeskøyretøya har hatt. Det var ny, tørr asfalt på staden ulukkeskvelden.

16-årig mopedist i 1998

Berre få kilometer lenger sør på riksveg 542 miste ein 16 år gammal gut i 1998 livet i ei mopedulukke nær heimen sin på Ekornsæter. Han fekk skrens på asfalten og kolliderte med ein lastebil.

Mellom dei to tragiske mopedulukkene omkom ein 52 år gammal syklist 3. juli i år då han blei treft av ei gravemaskinskuff ved Gåsland på Bømlo.

2.mai 1994 omkom ein 18 år gammal gut og ein 24 år gammal mann i ei bilulukke på Meling.

27.oktober 1993 miste ein 20-åring frå Sotra livet i ei bilulukke på Bømlo, der han gjekk på skule.

21.oktober 1992 blei ein 39 år gammal hollandsk trailersjåfør drepen i ei utforkøyring mellom Håvik og Finnås.

— Det har vore ein del stygge trafikkulukker på Bømlo-vegane, men dei siste åra har det faktisk vore rolegare enn før, seier lensmann Bjørn Lavik. Lensmannen kunne godt tenkt seg større ressursar, også til ulukkesførebyggjande tiltak. For tida er det mannskapsmangel ved lensmannskontoret som er bøygen. Tre av sju stillingar står ledige.