Det var natt til laurdag det tok heilt av på Vangen.

— Det vart sett fyr på fem-seks bosspann i den nye miljøgata, Vangsgata, på Voss. Det vart også sett fyr på ein raud postkasse og tent på papir i ein bakgard. I alt var det brann minst sju stader. Å tenna fyr på ein offentleg postkasse er i seg sjølv alvorleg, seier politibetjent Henning Hegbom ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Brannane vert meldt til politiet i dag.

Trefte på jentegjeng

Etter at politi og brannfolk hadde fått kontroll på brannane, trefte dei på ein jentegjeng. Eit vitne skal ha sett nokre jenter i nærleiken av ein av brannane.

Politiet snakka med dei fire jentene, og noterte namn og nummer på dei. Då politiet snakka med dei, stakk den eine jenta av.

— Minst ei av jentene er godt kjent av oss frå før, fortel Hegbom.

Dei fire jentene er skuleelevar på Voss, og dei kjem frå nabokommunane. Jentene vert kalla inn til avhør hos politiet i dag.

Jentene som er frå slutten av tenåra til i byrjinga av tjueåra, bar preg av å ha vore på fest då politiet snakka med dei.