Store delar av året må borna ved Gjelsvik skule og Gjelsvik barnehage klare seg utan godkjent drikkevatn. Slik har det vore i sju år utan at kommunen har sett i gang konkrete tiltak, skriv Firda.

No trugar Mattilsynet med tvangsmulkt dersom vassforholda ikkje blir utbetra.

– Vi har etterlyst dette lenge, og er glad for at kommunen no har fått frist til 1. desember for å leggje fram plan for vassforsyninga. Det har tatt lang tid, seier Siv Karin Flatjord, rektor på Gjelsvik skule.

Ønsker seg bakteriefritt vatn

– Vi oppfordrar elevane til å ta med seg vatn på flaske når dei kjem til skulen. Dei som ikkje har får vatn frå vassdunkar som vi kjøper inn, seier rektor.

Kjersti Storehaug går i 9. klasse og er leiar i Elevrådet ved skulen. Heilt sidan ho gjekk i 2. klasse har ho hatt med seg drikkevatn i skulesekken.

– Eg kan ikkje huske at det har vore på nokon annan måte. Vi er vant til det, seier ho.

Likevel skulle ho og dei andre elevane ønskje at drikkevatnet blei utbetra. Ho er ikkje sikker på om det skjer før ho blir uteksaminert om eitt år.

– Det er ikkje kjekt at det er bakteriar i vatnet. Sju år er lenge nok. Eg håper eg kan ta ein slurk før eg er ferdig på skulen, seier Storehaug.

Problematisk

— Vatnet er veldig dårleg. Det er påvist til dels store mengder tarmbakteriar i store periodar av året, seier Rune Myklatun, distriktssjef i Mattilsynet for Sunnfjord.

Då Mattilsynet blei klar over forhold, bad dei kommunen om å ta grep.

– Situasjonen er ikkje tilfredsstillande i det heile tatt, og det hadde vore sterkt ønskjeleg at kommunen hadde ordna opp i dette for lenge sidan. Sidan ingenting skjedde såg vi oss nøydde til å truge med tvangsmulkt, som jo er eit alvorleg verkemiddel, seier Myklatun.

Han presiserer at Mattilsynet kjem til å følgje opp den vidare utviklinga.

– Vi forventar at ei ny vassforsyning er på plass så raskt som det praktisk er mogleg.

Fryktar sjukdom

Ved Gjelsvik skule er det rundt 70 elevar, og 20 born soknar til barnehagen. Det er særleg ved store skulearrangement at problemet tilspissar seg.

— Vi må kjøpe inn store vassmengder, og alt blir meir tungvint. Eg har ikkje rekna på kva flaskevatnet kostar, men det er nok dyrt det og, seier rektoren.

I barnehagen har dei måtte stenge av vaskar for å unngå at barna skal drikke av det bakterieinfiserte vatnet.

– Dei har sett at ungane har drukke av vatnet.. Vi kan ikkje dokumentere sjukdom direkte til vatnet, men har vi jo lurt på om drikkevatnet kan ha vore skuld i enkelte sjukdomstilfelle, seier rektoren.

- Dratt litt ut

Skulesjef i Askvoll, Arne Holmelid, seier dei skal ha planen klar i tide til 1. desember. Det står mellom to alternativ: boring etter grunnvatn eller å koble seg til Kvammen vassverk.

– Kvifor har det tatt så lang tid?

– Vi har bora etter grunnvatn i området, men det viste seg at det vatnet inneheldt tungmetall og difor heller ikkje var av god kvalitet. Dermed har det drege litt ut, seier Holmelid.

Han kan ikkje sei noko om når ny vassforsyning er på plass.

– Det kjem heilt an på kva løysing som blir valt, og kva kostnadene blir.

– Kva tenkjer du om at elevane har vore utan drikkevatn så lenge?

– Problemet er verst i sommarhalvåret, og då er det jo mest skulefri. Men det er ikkje godt nok. I ein kommune er det alltid mykje som skulle ha vore betre, men økonomien strekk ikkje til.

Kva synest du om vatntrøbbelet? Sei meininga di!

PRIVAT