Tide har vunne sine tilbod i samarbeid med Stavangerske i selskapet Nor-Ferjer. Fjord1 er som kjent ei samanslåing av Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF).

Gjennom Nor-Ferjer har Tide også vore med på fleire bortesigrar enn Fjord1. Stillinga her er 6-3. Til gjengjeld har Fjord1 fått inn eit knusande slag borte mot konkurrenten i sør med gassferjepakken Arsvågen-Mortavika og Halhjem-Sandvikvåg.

Fjord1 kjempar durabeleg

Fjord1 kjempar no ein durabeleg tilbodskamp for å halda Tide, Veolia og eventuelt Hurtigruten Group eller Fosen unna heimebanen. Det skjer gjennom den såkalla Romsdalspakken, fire samband med bruk av blant anna gassferjer over Moldefjorden.

Kven som får pakken blir avgjort til sommaren. Fjord1 har levert inn heile fem tilbod til Statens vegvesen, dei spenner frå null til 276 millionar kroner.

At dyraste Fjord1-tilbodet er heile 59 millionar kroner billegare enn rimelegaste konkurrent, viser kor mykje gassferjespesialisten satsar for ikkje å stå ribba tilbake i eige farvatn. Tide/Nor-Ferjer har alt vunne fire andre samband i Møre og Romsdal, i tillegg til to i Trøndelag.

Ferjepakkar

Medan vegvesenet i starten delte ut ferjesamband på tilbod enkeltvis, er strategien no å dela ut fleire samband i distriktsvise pakkar. Bakgrunnen er at tilbodsvinnaren skal kunna disponera ferjemateriellet meir effektivt.

Ni ferjesamband skal ikkje ut på tilbod, blant anna Bruravik-Brimnes i Hardanger, fordi dei om nokre år fell bort til fordel for bru eller tunnel.

I tillegg til fire samband i Romsdalspakken, er ein pakke i Sogn og Fjordane (sambanda Lote-Anda, Isane-Stårheim, Måløy-Oldeide) og ein i Nord-Noreg (sambanda Drag-Kjøpsvik og Bognes-Skarberget) lyst ut i år, men enno ikkje avgjort. Kontraktperiodane varierer i lengde frå tre til ti år.

Blant gjeldande tilbodssamband er også kabelferja mellom Duesund og Masfjordnes i Nordhordland, ein kontrakt Wergeland Halsvik AS har i enno eit år.