Dei med låg sjølvtillit blir langt oftare uføretrygda og førtidspensjonert, enn dei sjølvsikre.

Det kjem fram i ei ny svensk doktoravhandling av Patrick Millet frå Luleå tekniska universitet.

Funna i undersøkinga er basert på data samla inn frå 143 personar frå 18 til 55 år, som deltok på rehabiliteringsprogram ulike stader i Sverige.

Bakgrunnen for undersøkinga er veksten i sjukefråvær og uføretrygd i Sverige, eit problem som ikkje er mindre her i landet.

Betre val med sjølvtillit

Det er ikkje berre folk med lita tru på eigne evner som kjem dårlegare ut. Det gjer, ifølgje undersøkinga, òg bygdefolk. Dei er lenger sjukmelde, og blir oftare uføretrygda eller førtidspensjonert.

Det siste finn inga forklaring i avhandlinga, men Millet har eit svar på kvifor folk med høg sjølvtillit kjem betre ut:

Dei søkjer i større grad informasjon som gjer at dei forstår sin eigen situasjon, og som gjer at dei kan kome seg ut av den og gå tilbake til arbeidslivet.

Det betyr òg at dei er flinkare til å finne typar yrkesretta attføring som gjev arbeid.

Millet meiner funna viser at rehabiliteringsprogram i større grad enn no bør få folk til å tru på at dei sjølv kan påverke sin eigen livssituasjon.

Eit anna funn i avhandlinga er at rehabilitering gjev best resultat når den skjer på vanlege arbeidsplassar, utan innblanding frå ekspertar.

Arbeidstrening som skjer berre i konstruerte arbeidsplassar med bruk av rehabiliteringsekspertar, leiar oftare til vidare sjukmelding eller førtidspensjonering.

— Ganske logisk

Edle Utaaker, som leier arbeidet med å få ned sjukefråværet hjå heimehjelpene i Bergen, er ikkje overraska over forskingsresultata.

— Det høyrest ganske logisk ut. Det handlar om å ha evne til å meistre ting, å klare å påverke tilhøva rundt deg slik at du meistrar situasjonen, seier ho.

Ho seier dette er spørsmål som står sentralt i deira arbeid.

— Ja, det er viktig at arbeidstakarane får vere med på å bestemme sin eigen arbeidssituasjon, og at dei får hjelp viss dei treng det, seier ho.