Både Gulen og staten får kritikk for handteringa etter Vest Tank-eksplosjonen.

Det kjem fram i ein rapport laga av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). I den får både Gulen kommune, Folkehelseinstituttet og DSB sjølve kritikk.

Gulen kommune burde tidlegare søkt hjelp – blant anna frå Fylkesmannen. Fylkesmannen på si side meiner at dei burde vore meir pågåande og gitt hjelp til Gulen utover det kommunen bad om.

Også DSB tar sjølvkritikk på at dei ikkje i større grad koordinerte oppryddinga etter ulykka den 24. mai.

No vil Folkehelseinstituttet vurdere om dei skal opprette ei beredsskapsgruppe for kjemiske ulykker. I dag rykker ei slik gruppe ut ved smittefarer landet rundt.

To tankar eksploderte ved Vest Tank i Gulen kommune 24. mai. Framleis er innbyggjarane rundt Sløvåg, der tankanlegget står, plaga av sterk lukt. Over hundre vart sjuke som følgje av luktplagene.

EKSPLODERTE: 24. mai i år eksploderte to tanker ved tankanlegget i Sløvåg.
Hommedal .Marit