— Metodar etter «sjølvhjelpsprinsippet» kan vere vel så effektive som sovemedisin, seier stipendiat Børge Sivertsen.

Her er hans råd for å sove betre.

  • Alt anna enn soving er forbode til sengs. Verken lesing, eting eller arbeid er lov. Unntaket er sex. Dersom du ikkje får sove i løpet av 15-20 minutt, må du stå opp. Ikkje legge deg igjen før du er skikkeleg trøytt. Slik bryt du negative assosiasjonar mellom søvn og seng.
  • Bruk mindre tid i senga. Slik gjer du den vesle søvnen du faktisk får så samanhengande som råd er. Ein pasient som slit med søvnproblem, må ofte tilbringe 8-9 timar i senga, for å oppnå 4-5 timar god søvn. Dette gjer berre vondt verre.
  • Muskelavspenning. Ofte er spenningsnivået i kroppen direkte årsak til at du ikkje får sove. Trenar du opp kroppen til å slappe fullstendig av på dagtid, blir det enklare å bruke same strategi før du legg deg om kvelden.
  • Utfordre negative tankar om natta. Som regel kjem bekymringane på denne tida av døgeret, og hindrar god søvn. Å endre dette mønsteret, har ofte positiv effekt på søvnen.