OVE ARNE OLDERKJÆR

Indre Matre, Kvinnherad

— Ja, no går det på humøret laus, seier Aud Hauge (73). Bergens Tidende er heime hos ho og mannen Bjarne (81) på Opstveit - regn- og kraftgrenda i Matre i Kvinnherad.

Det er opphaldsvêr når vi dreg frå Omvikdalen på andre sida av fjellet. Straks vi passerer Blådalskrysset og stuper ned hårnålssvingane mot Matrefjorden kjem dei første dropane. Men det er langt imellom dei til å vera Indre Matre.

- Berre sju millimeter

— Berre sju millimeter i dag, seier Bjarne Hauge. Han peikar på regnmålaren på terrassen. Så viser han oss sine private vêrobservasjonar som han dagleg har notert dei siste femten åra.

— 5.desember kom det 95 millimeter, les han. Og smiler når han inniblant rekkja av høge nedbørstal finn notatet for 2.juledag: «Klårt og fint vêr.»

Regnholet Indre Matre fekk registrert 785 millimeter nedbør i desember. Det er 217 millimeter meir enn Bergen, og tilsvarar heile årsnedbøren fleire stader austafjells.

Får skyllebøtta

Lågtrykkja har stått i kø utanfor vestlandskysten sidan lenge før jul. Varme skyer fulle av væte slepp for alvor frå seg lasta når dei møter høge fjell innaskjers og blir pressa opp i kaldare luftlag.

Slik har det seg at Utsira berre fekk 156 millimeter nedbør i desember, og altså Opstveit heile 785 millimeter (og Haukeland i Masfjorden 810).

— I tillegg til fjella viekar Folgefonna som ein forsterkande skyløftar, breen fører til ekstra mykje regn over Opstveit, seier meteorologikonsulent Magnus Anglevik ved Vêrvarslinga på Vestlandet til Bergens Tidende.

Norsk rekord

6.desember i fjor fall det heile 136 millimeter regn over Opstveit. Men døgerrekorden for Opstveit - og Noreg - er 230 millimeter, står det i ein brosjyre frå Sunnhordland Kraftlag (SKL), utan å nemna dato.

For SKL er nedbøren over Opstveit, Blådalen og Folgefonna gull verd. I 50 år har kraftstasjonen på Opstveit levert elkraft til Sunnhordland og Nord-Rogaland. I fjellsida over bygda blir det sprengt tunnel for ein ny og meir effektfull kraftstasjon.

— Det er ikkje fleire regndagar her enn andre stader i distriktet, men det kjem så mykje om gongen. Det er ikkje noko problem, snarare tvert imot! seier kraftverkssjef Arne Helleland.

— Vi treng alt det regnet me kan få. Produksjonen vår er rekna ut frå ein årsnormal på 2800 millimeter, fortel Helleland. I fjor blei det målt totalt 3772 millimeter på Opstveit, og det er SKL som kvar morgon klokka åtte utfører målingane for Vêrvarslinga på Vestlandet.

-Ikkje skremd

— Å, nei. Dei skremmer ikkje oss med regn. Men me blir litt leie, me óg, seier ekteparet Gerd (73) og Sverre Skålnes (74) på garden Indre Matre.

Gerd fortel at ho til og med har sett ein hjort som har skunda seg inn under eit skurtak til ly for regnet.

— Vi må forholda oss til at det er mykje regn. Og ungane elskar det, seier avdelingsleiar Laila Næs i Matre barnehage, busett i Omvikdalen ho som mange andre som arbeider i Matre.

— I føremiddag var vi ute med ungane frå klokka ti til halv tolv. Då regna det ikkje, men ungane leita etter sølepyttane, fortel Laila Næs.

— Ein kan bli deprimert av alt regnet. I tillegg stengjer fjella for sola i tolv veker frå 7.november, seier Aud og Bjarne Hauge, og ser fram til sommar og tørre dagar på campingbilferie i Telemark.

DYVÅTT TÅLMOD: Pensjonistparet Gerd og Sverre Skålnes toler alt regnet som fell over Indre Matre, men vedgår at dei er i ferd med å bli leie årets regnvinter.<br/>Foto: KNUT EGIL WANG
OVERSKYLT: Bjarne Hauge (81) har vêrobservasjon og nedbørsmåling som hobby på regnfylte Opstveit. Nokre dagar må han lesa av regnmålaren fleire gonger fordi den er i ferd med å renna over.