— Kostnadene blir altfor høge med å bygge denne gangbrua inntil noverande Loftesnes bru, seier utbyggingssjef Nils Magne Slinde til Bergens Tidende.

Dermed vil ingenting skje på denne trafikkfarlege brua før etter år 2006. Det er bruspesialistane ved Vegkontoret i Stavanger som har berekna sjokkprisen på gangbrua, heile 55 millionar kroner.

— Det blir ingen gangbru på Loftesnes, i staden vil vi arbeide for å få ny køyrebru med gangfelt på riksveg 55, og få denne inn i Nasjonal Transportplan 2006-2015, seier Slinde.