Årdal kommune blei orientert om avgjerda i føremiddag. Den kom som eit sjokk på kommunen, etter at det har vore gitt svært positive signal frå selskapet tidlegare.

Mange rekna det avgjerande styremøtet som ein rein formalitet.

Fabrikken skulle byggjast på Årdalstangen, og gje 250 arbeidsplassar.

Styret i REC, eigarselskapet til ScanWafer, seier det er ei totalvurdering som ligg til grunn for snuoperasjonen.