Advokaten hennar, Walter Høivik, er sjokkert over den måten politiet har etterforska saka på. Som BT fortalde i går, vart «Imara» gravid og aborterte etter overgrepa som skal ha skjedd på UDI-mottaket i Jølster våren 2000. No vil styresmaktene sende den 27-årige kvinna tilbake til Sri Lanka.

Ikkje informert

Det var sommaren 2000, etter at ho var komen til Krisesenteret i Florø, at «Imara» politimelde dei to valdtektene som ho skal ha vore utsett for ved asylmottaket på Vassenden i Jølster same vår. Politimeldinga var retta mot to namngjevne bebuarar på asylmottaket.

— Politiet har lagt vekk saka utan å informere fornærma eller meg som hennar oppnemde advokat, seier Høivik. - Dette er mildt sagt oppsiktsvekkjande. Eg har undervegs i etterforskinga bede to gonger om saksdokumenta, og fekk siste gongen vite at saka låg hjå statsadvokaten for avgjerd.

Siste kontakt mellom Høivik og politiet var 27. mai 2001. Etter dette har ikkje advokaten høyrt frå politiet om saka. I dag veit han at påtalemakta la vekk saka, etter bevisets stilling, den 11. juli 2001.

Kan ikkje forklare

Når politiet legg vekk ei slik sak, har dei plikt til å orientere partane skriftleg - både om utfallet og om at vedtaket kan påklagast.

Ifølgje Høivik har berre den eine av dei to som vart melde fått beskjed om utfallet.

Juristen som hadde ansvaret for etterforskinga arbeider ikkje lenger ved politiet i Sogn og Fjordane, og leiar for påtaleseksjonen, Ronny Iden, kan i dag ikkje svare på kva som har gått gale.

— Breva med orientering om utfallet skal gå automatisk til partane, seier Iden. - Både meldar og mistenkte skal ha beskjed. Kva som har skjedd i denne saka, kan eg ikkje svare på her og no.

Ikkje analyse

Iden ønskjer heller ikkje å kommentere kritikken Høivik reiser mot etterforskinga generelt.

Sjølv om klagefristen for lengst er ute, vil Høivik påklage vedtaket. Han meiner fristen må løpe frå den datoen klienten vart kjent med utfallet, og ikkje politiets dato frå i fjor sommar.

— Vi meiner at saka er svært mangelfullt etterforska. Det fanst mellom anna materiale som kunne gitt resultat ved ein DNA-analyse, men dette vart ikkje gjort, seier Høivik.

Vedtaket der «Imara» blir utvist fra landet er no til handsaming i Utlendingsnemda. I mellomtida meiner Høivik at vedtaket om avslag på opphald har oppsetjande verknad, og politiet dermed ikkje har noko gjeldande vedtak som kan setjast i verk no.