– Vi vil gjerne sjå tyskarane sitt datagrunnlag. Dette er svært overraskande, seier kommunikasjonssjef Thor Westergaard Bjørlo i Norsk Bane AS.

– Det overordna og positive er at samferdsleminister Liv Signe Navarsete no seier at høgfartsbane skal vera med vidare i vurderingar av samferdsleløysingar her i landet, seier kommunikasjonssjefen.

Enormt prisgap

Westergaard Bjørlo viser til at det i Sverige og Finland nyleg er bygt høgfartsbaner til litt over 40 millionar kroner kilome-teren. Norsk Bane AS har lagt seg på det dobbelte for Haukelibana. Så kjem Verkehrswissenschaftliches Institut, VWI, frå Stuttgart med ti gonger så dyr bane i Noreg som i Sverige.

  • 53,3 milliardar 2006-kroner er Norsk Bane sin pris for komplett Haukelibane med forgreiningar til Oslo og Grenland i aust, til Bergen og til Stavanger via Haugesund i vest.
  • 208 milliardar 2007-kroner er VWI sin pris, utan greina til Grenland.
  • Den tyske prisen svarar til 410 millionar kroner pr. km Bergen-Oslo (med bru over Hardangerfjorden) og 450 millionar kroner pr. km Haukeli-Haugesund-Stavanger (med 55 km tunnel under Boknafjorden).Større inntekter

– Vårt opplegg har også eit betre inntektspotensial med ni stopp undervegs, mot berre tre i det tyske framlegget, og godstog på same skjenegang, seier Westergaard Bjørlo.

Haukelibana er planlagt med 16-18 stasjonar, med vekslande stoppmønster på annankvar avgang. Stigningstilhøva ved stasjonane sikrar rask akselerasjon etter stopp, også for godstog. Norsk Bane AS er også meir optimistisk når det gjeld å kapra flypassasjerar frå dei to store flysambanda Bergen-Oslo og Stavanger-Oslo enn VWI.

Dumt å byggja ved sida av

Jon Hamre, som har planlagt Den Sørnorske høgfartsringen, ristar på hovudet over at dei tyske ekspertane vil byggja lyn-togtrasé parallelt med dagens spor på Bergensbana.

– Dette vil skapa store problem for anleggsarbeidet. Heile tida må dei passa på å ikkje koma borti eksisterande trasé. Det-te vil gjera alt dyrare.

Sjølv talar Hamre varmt for lina gjennom Numedal i staden for Hallingdal.

– Eg har sjølv gått opp heile lina gjennom Numedal, og er sikker på at ei line i fjellterreng langs Numedal mellom Oslo og Geilo kan byggjast for 10 milliardar kroner mindre enn lina gjennom Hallingdal. Der kjem jernbanelina i konflikt med busetnad og jordbruk.

Jon Hamre står på at Den Sørnorske høgfartsringen sin lyntogtrasé til Bergen er mykje billegare enn det tyskarane trur. Hamre samarbeider med ei gruppe rundt selskapet Multiconsult for å koma fram til endå meir presise kostnadsoverslag for ei lyntogbane Bergen-Oslo og Bergen-Stavanger.

Bjelland, Håvard