EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.no

— Vi kunne gå i dagevis utan problem. Så kunne maskinen plutseleg stoppe, heilt utan forvarsel, seier Leidulf Sandøy, ein av dei to skipparane på "Sjøgar". Han har arbeidd på skyssbåten dei siste 16 åra. - No er det vel halvannan til to år sidan sist båten stoppa. Før det hadde vi ein del problem med at det kom luft i drivstoffsystemet, seier Sandøy, som var på ferie då båten havarerte søndag kveld.

Starta alltid igjen - Vi prøvde alt den gongen: Gjekk over alle filter, trykkblåste alle rør, og bytta ut dei delane vi meinte kunne vere skuld i vanskane, seier Sandøy. - Fann de feilen? - Nei, vi fann ingen ting spesielt. Men feilen forsvann. - Vart han borte av seg sjølv? - Ja, han vart i grunnen det, seier Sandøy, som aldri opplevde dramatikk på grunn av dei gjentatte motorstoppa. - Vi måtte berre gå ned i maskinen og lufte systemet. Då starta han alltid opp att. Det var som regel gjort på under minuttet, seier Sandøy.

Bytta alle røyr Skipskontrollen har ikkje fått melding om problema på "Sjøgar", ifølgje distriktssjef Magne Rødland. - Det er ikkje nødvendig heller, dersom ein feil blir funnen og retta opp av reiarlaget. Men dersom dei ikkje finn feilen, skal vi ha melding. Båten skal sjølvsagt ikkje setjast i drift igjen før alt er fiksa, seier Rødland. Skippar Sandøy er overraska over at båten stoppa no. - Då han var på verkstad no i mai bytta vi motoren og heile røyrsystemet frå dieseltanken bak til maskinen. Vi har ikkje hatt såpass som eit feilslag etter den tid, han har gått veldig fint, seier Sandøy, som likevel lenge har ønskt seg ein annan båt.

Har bedt om ny - Sommarsdagen er det greitt nok. Men vinterstid er ikkje "Sjøgar" rette båten der ute. Overbygget gjer at det blir stort vindfang i han. Eg skulle ønskt meg ein litt større båt, med to motorar, seier Sandøy, som også har sagt ifrå til dei ansvarlege om ønsket. - Det har vore snakk om både å kjøpe ny og få tak i ein brukt båt. Det er pengar det har stått på, seier Sandøy.