Dette er etter det Bergens Tidende forstår essensen i eit forslag som er sendt frå Sjøfartsdirektoratet til dei ansvarlege departementa.

I gruppa ønskjer dei seg representantar blant anna for reiarlaget Jebsen, flaggstaten Antigua og Barbuda og Sjøfartsdirektoratet.

Det vart ikkje nedsett ein særskilt ulykkeskommisjon etter «Rocknes»-ulykka, slik det skjedde etter «Sleipner»-forliset i 1999. I staden vart det halde vanleg sjøforklaring i Bergen.

Mange spørsmål

Sjøfartsinspektør John Ramsøy og politiet har ansvaret for å undersøke om det skjedde brot på norsk lov i samband med forliset. Men i tillegg er det mange andre spørsmål som krev svar, blant anna om det internasjonale regelverket for slike båtar er godt nok, og om det er forsvarleg å byggje båtar med «Rocknes»' design.

Å granske desse spørsmåla vil vere ein del av mandatet til ei undersøkingsgruppe av typen som leiinga i Sjøfartsdirektoratet ønskjer seg.

Næringsminister Ansgar Gabrielsen har sagt i Stortinget at ingen stein skal vere usnudd i arbeidet med å finne ut korleis ulykka kunne skje. Korleis granskinga skal organiserast, har regjeringa hittil ikkje sagt noko om.

— Spørsmålet er til handsaming, seier senior informasjonsrådgjevar Gunnar A. Johansen i Justisdepartementet til BT.

IMO interessert

Tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet byggjer på ein IMO-resolusjon som seier at dei involverte statane i ei ulykke til sjøs er gjensidig forplikta til å hjelpe til med undersøkingane. Etter internasjonal sjørett er det skipets flaggstat som har hovudansvaret for å granske ulykka. Men Antigua og Barbuda har ein minimal sjøfartsadministrasjon, og har sett bort alle arbeidsoppgåvene sine til eit tysk firma.

FNs sjøfartsorganisasjon IMO har forlengst bedt norske styresmakter halde dei fullt oppdatert om resultatet av «Rocknes»-etterforskinga. Det er her det internasjonale regelverket for design av båtar blir fastlagt.