I løpet av natta hadde rundt 12.000 kubikkmeter vatn brote seg veg under breen og fossa inn i ein inntakstunnel til Mauranger kraftverk.

– Vi visste om sjøen. Den har vore der i nokre få år. Men det er første gong vi opplever at ein slik sjø har tømt seg. Heldigvis har det ikkje ført til noko skade på kraftverket, seier vedlikehaldssjef Helge Lekva ved Mauranger kraftverk.

– Men dette er noko vi må vera merksame på heretter, legg han til.

Isen gav etter – Dette er eit fenomen som vi må rekna med ettersom breane går attende, seier Jostein Bakke, som er førsteamanuensis i geografi ved Universitetet i Bergen. Bakke er sjølv frå Jondal, og han såg med eigne augo det gapande, djupe krateret etter den tomme sjøen då han var på sommarskisenteret sist helg.

– Truleg har vasstrykket vorte så stort at isen ikkje har greidd å stå i mot lenger. Det har opna seg ein kanal som vatnet har fossa ut gjennom.

Kan gjera stor skade – Sjølv forskar eg mykje på samanhengane mellom brear og klima både i Skandinavia, Russland og i Antarktis. I ei tid med store klimaendringar er vi redde for det vi kan kalla katastrofetapping av slike bredemte innsjøar.

– No skjedde det inga skade i Jondal, men skadeomfanget kan verta stort i dreneringsfelt der det finst demningar for kraftproduksjon.

– Frå våre nærområde kjenner me til slike hendingar i katastrofar i Simadalen og på Mosenes i Åkrafjorden, seier Jostein Bakke.

Han meiner det vil alltid vera fare for at nye slik sjøar kan oppstå i samband med at breane endrar seg.

Fleire bilder fra Blåisen på Folgefonna kan du se her .