TERJE ULVEDAL

— Eg trur aldri eg har brukt så sterke ord overfor ei elevgruppe, seier rektor ved Vassenden skule, Sten Uno Rambøl.

Det var for snart 14 dagar sidan at leiinga ved den kombinerte barne- og ungdomsskulen i Jølster blei gjort merksame på fleire sterkt sjikanøse innlegg på Dagbladets chatteside Blink. Saka kom opp etter at fleire elevar melde frå til kontaktlærarane sine om at det var lagt ut grove skuldingar av namngjevne medelevar. Dette skjedde på ei gjestebok på nettsida, der det går an å skrive anonyme innlegg.

Strafferamme på to år

Rektor Sten Uno Rambøl legg ikkje skjul på at han blei opprørt då han fekk sjå ein del av innlegga.

— Vi logga oss på nettsida, og tok utskrifter av ein del innlegg som vi fann stamma frå våre elevar. Det var svært grove utsegn om sex, seksuell legning, hudfarge og meir. Utan å gå meir i detaljar snakkar vi om stygge påstandar retta mot namngjevne elevar ved skulen.

— Er det mange elevar som har fått slike skuldingar framsette mot seg?

— Nei, vi snakkar om nokre få utvalde, svarar Vassenden-rektoren.

For ei god veke sidan samla skulen alle elevane frå 7. klasse og oppover. Med på samlinga der dei tok opp mobbinga var også lensmannen i Jølster.

— Vi tok kontakt med politiet for å få den rette instansen til å forklare kva lovar og reglar som gjeld. Eg trur nok det gjorde inntrykk då lensmannen fortalde at det som er gjort faktisk kan ha ei strafferamme på inntil to år.

— Korleis reagerte elevane?

— Det blei gitt veldig klare meldingar til elevane. Og vi opplevde vel at det etter kvart blei veldig stilt i salen, seier Sten Uno Rambøl.

Melding heim

I etterkant av møtet med elevane blei det sendt melding heim til foreldra.

— Eg håpar vi har greidd å gripe tak i dette på eit tidleg stadium. Elevane fekk klar beskjed om å fjerne dei upassande innlegga.

— Har det blitt gjort?

— Det kan vi ikkje fått avklara enno. Men ein lærar ved skulen har fått i oppgåve å følgje opp og undersøkje det.

Rektoren seier skulen kjenner identiteten til ein av elevane som har skrive sjikanøse innlegg mot medelevar.

Men nettsida fungerer slik at brukarane loggar seg på med passord, og tek eit kallenamn. Innlegga blir underteikna med dette kallenamnet. Dermed blir det, om ikkje uråd, så i alle fall svært vanskeleg å spore kven som står bak anonyme innlegga.

— Vi har hittil gitt elevane ei generell åtvaring, og håpar det skal vere nok til å få sett ein stoppar for dette, seier Rambøl.

— Har skulen vore i kontakt med Dagbladet?

— Det har vi, og dei har sagt seg leie for at dette skulle skje. Men vi fekk vel også eit inntrykk av at det ikkje var første gongen, kommenterer Rambøl.