No har lensmann Geir Vidme stemna sykkelpresident Aarethun for Hønefoss tingrett. Overfor Sogn Avis nektar Aarethun for å ha brukt kraftuttrykka, og seier at ein lærdøl ville ha brukt heilt andre kraftuttrykk enn "jævla rasshol".

Då lensmannen greip inn, låg ryttarane ein time før skjema. Aarethun forklarer at han vart stoppa, formeleg riven ut av bilen og fråteken førarkortet, trass i at han hadde vegdirektoratets skriftlege løyve til rekordforsøket liggjande i hanskerommet.

Etter 25 minuttar oppheta diskusjon kom rekordforsøket i gang igjen, men ryttaren stivna og gav etterkvart opp. I mellomtida har lensmannen meld saka til Ringerike politikammer, som prompte gir Aarethun 10.000 kroner i bot for sjikanen. Aarethun har ikkje vedteke bota, og saka endar dermed for retten. Aarethun krev på si side å få dekka 25.000 kroner som det spolerte rekordforsøket kosta.