TERJE ULVEDAL (tekst og foto)

— Det blir aldri rassikkert her, seier Gunnvar Seljeseth, leiar i grendeutvalet for bygdene i området.

Han ser oppover den stupbratte fjellsida der små og store steinar framleis kjem nedover, fleire timar etter at store blokker knuste fleire meter av vegen i morgontimane fredag. Ei blokk på ti kubikk har maltraktert autovernet. I sjøkanten, 20-30 meter nedanfor vegen, ligg fleire like store.

— Mesteparten av dei store steinane har gått over vegen og i sjøen, seier Magne Sandvik. Han er ein av oppsitjarane i grenda som i alle fall ikkje får opna vegen att før i dag.

Nære på

Jord- og steinraset gjekk i åttetida fredag morgon. Berre minutt før passerte Magnhild Hatleseth rasstaden på veg til jobben som lærar ved Steinhovden skule.

— Eg brukar sju minutt til skulen. Då eg kom inn døra ringde mannen min for å forsikre seg om at eg ikkje var tatt, fortel ho. I går ettermiddag måtte ho i båt for å komme seg heim.

Ektemannen Geir-Ståle høyrde raset, og legg ikkje skjul på at det var vonde minutt før han fekk tak i kona:

— Eg høyrde buldringa, det var kanskje eit par minutt etter at Magnhild hadde gått ut døra. Det var rett og slett ufjelgt, seier han.

Rett etterpå kom skulebussen, på veg inn bygda for å hente einaste skuleeleven. Men bussjåfør Frode Steinhovden kom seg aldri til Sandvika. Han var første som køyrde seg fram i raset, 12 minutt over åtte.

— Eg såg steinane i vegen på god avstand, kanskje 200 meter, og stoppa straks. Der og då reagerte eg ikkje så mykje. Men når eg har høyrt kor nær ein del personar har vore, er det skremmande, fortel Steinhovden.

Tidsspørsmål

I går ettermiddag var geolog Odd-André Rustad i Sandvika for å sjå på rasstaden.

— Området der raset har komme frå, ser bra reint ut. Men den tida eg var der, kom det stadig nedfall av blokker som hadde lagt seg i rasløpet. Planen er at vi skal opp med helikopter i dag for å sjå på området, og spyle med vatn, seier Rustad.

Til Bergens Tidende seier vegvesen-geologen at fjellet i området er svært vanskeleg.

— Det er sprekker i fjellet heile vegen, konstaterer Rustad.

No vil bygdefolket ha ny veg. Ein skogsveg skal byggast innover dalen frå Sandvika.

KREV NY VEG: - Her kan det aldri bli rassikkert, seier Gunnvar Seljeseth. No vil bygdefolket ha ny veg.