Klokka halv eitt i dag låg brua på plass over Brandangersundet. 1862 tonn nettverksboge vart løfta på plass av to kranfartøy.

— Brua passa på millimeteren. No har me gått over ei gong og er på veg tilbake, fortel anleggsleiar Bjørn Morten Bruvik på telefon.

Uvanleg

Han fortel det er ganske uvanleg å byggja slike bruer så lange, også på verdsbasis.

I dag finst berre to nettverksbogebruer her til lands - Håkkadalsbrua i Steinkjer og Bolstadstraumen bru i Vaksdal.

Dei er begge bygd i første halvdel av 60-talet med spennvidd på 80 og 84 meter, i følge nettstaden «Våre veger» .

I dag står brua med eit spenn på 220 meter over Brandangersundet.

- Kvifor har ein bygd ei bru etter denne uvanlege metoden?

— Ein måtte ta omsyn til seglingshøgda. Denne byggjemåten vart billegast, seier Bruvik.

18 meter

No er det 18 meter seglingshøgd under brua.

Brandangersundet går mellom Sandøyna og fastlandet i Gulen kommune. I dag er øya knytt til vegnettet med ferjesambandet Skipavik-Sløvåg-Leirvåg.

Skipavik som ligg på Sandøyna, vil bli droppa når brua vert opna den 4. november, i følge ei kunngjering frå Kystverket.

Dermed vert det ei rein pendelferje over Fensfjorden mellom Sløvåg og Leirvåg.

SJELDAN VARE. Konstruksjonen er sett saman i Sløvåg. FOTO: Oddleiv Apneseth.
TUNGE TAK. Kranfartøya Taklift 4 og 7 frakta brua frå Sløvåg til Brandangersundet. FOTO: Silje Robinson
FOTO: Kristin Mjanger
FOTO: Kristin Mjanger