TERJE ULVEDAL

På pressekonferansen søndag ettermiddag stadfesta lensmannen opplysningane i gårsdagens utgåve av Bergens Tidende, om at dei no ber om å få ta prøver av alle som har vore nær drapsstaden ved Vaskarvolden i Angedalsvegen.

— Dette blir gjort reint rutinemessig, understreka Fonn.

Svar på prøver tysdag

Til Bergens Tidende seier Fonn at politiet i tillegg også tek prøver av såkalla moduskandidatar. Dette er personar som har gjort tilsvarande handlingar som den i Førde tidlegare. Dette er første gongen politiet stadfestar at dei arbeider med moduskandidatar i etterforskinga. Samstundes er det også ei stadfesting av at politiet så langt står med få konkrete spor.

Lensmannen ønskjer ikkje å gå nærare inn på kva type moduskandidatar det er snakk om, men truleg dreiar dette seg om personar som tidlegare har følgt etter og angripe kvinner.

— Dette er noko som er svært sårt for dei som blir bedt om å gje prøver. Eg vil understreke at ingen har status som mistenkte for drapet, seier Fonn.

Lensmannen ønskjer ikkje å svare på om det finst moduskandidatar eller personar som har vore nær åstaden, som har nekta å gje frå seg prøver som vil gje politiet tilgang på DNA.

Politiet har sikra seg omfattande biologisk materiale som er sendt til analyse. Dei første resultata frå Rettsmedisinsk institutt kjem tysdag kveld.

Kvinne som Anne

På gårsdagens pressekonferanse fortalde lensmannen at dei ikkje har observasjonar av Anne Slåtten, etter at ho er sett i Angedalsvegen nær krysset til bustadfeltet Grovene. Denne observasjonen er gjort klokka 07.10.

— Vi syns det er påfallande at ingen har sett henne sidan, seier lensmannen.

I morgon vil politiet difor kle opp ei kvinne mest mogleg lik Anne Slåtten. Planen er at «dobbeltgjengaren» skal gå frå bustaden i Hamretunet til drapsstaden. Fokus vil likevel bli lagt frå siste sikre observasjon i Grovene-krysset og til Vaskarvolden. Dette er ein strekning på ein knapp kilometer.

— Vi håpar at bilete frå ein slik type rekonstruksjon, formidla gjennom fjernsyn og aviser, kan føre til at folk hugsar noko. Vi håpar rett og slett på aha-oppleving, og at dette kan gje oss nye opplysningar etter at tipsflaumen har tørka inn siste dagane, seier lensmannen.

Den drepne sjukepleiestudenten hadde på seg ein svart hettegenser med ei smal kvit stripe over brystet. Genseren hadde glidelås like opp til halsen. Ho gjekk i kvit dongeribukse. Buksa var trong i livet og nedover låra, men vidare rundt anklane. På beina hadde ho brune joggesko med kvite striper.

Kvinne ved busstoppen

Ingen av dei tre kvinnene som blei etterlyst fredag har meldt seg. Politiet er utan tvil mest interessert i personen Bergens Tidende omtalte laurdag. Ho har vore like ved åstaden på det tidspunktet drapet kan ha skjedd.

Kvinna blei sett på busshaldeplassen like før Førdehuset kring klokka 0715. Busstoppen ligg berre 50 meter frå mordstaden. Ho gjekk då mot sentrum, og blei observert av ein kvinneleg bilførar på veg opp Angedalsvegen. Dersom Slåtten gjekk direkte frå Grovene-krysset der ho blei sett 07.10, må ho ha vore ved åstaden omtrent på same tid.

— Vitnet som kom køyrande oppover vegen har skildra ei kvinne på mellom 20 og 30 år. Ho var slank, og var kledd i ei mørk jakke som rakk midt ned på låra. Hårfargen er usikker. Kvinna kan ha gått i ein hettegenser, og hatt denne over hovudet. Ho var dessutan iført mørke bukser.

— Det er dei mørke buksene som dermed gjer at politiet kjenner seg trygge på at dette ikkje var Anne Slåtten?

— Det er korrekt. Vi ber på ny om at denne kvinna melder seg, og understrekar at ho har status som vitne.

— Syns du det er påfallande at ho ikkje har meldt seg, Fonn?

— Ho blei etterlyst fredag kveld. Det har vore helg, noko som kan vere forklaringa.

BER KVINNE MELDE SEG: På busshaldeplassen ved Førdehuset er ei kvinne sett gåande på veg mot sentrum kring 07.15 drapsmorgonen. Kvinna hadde på seg ei mørk jakke og mørke bukser. Jakka kan ha hatt ei hette som kvinna hadde over hovudet, og hårfargen er difor usikker. Ho er truleg mellom 20 og 30 år. Kvinna har vore etterlyst sidan fredag, og lensmann Kjell Fonn ber ho ta kontakt snarast.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH