Torsdag 16. april skal livsstilen til 2000 pasientar på Haukeland Universitetssjukehus kartleggjast. Sjukepleiarstudentar vil spørje pasientane om alkoholforbruk, røykjevaner, fysisk aktivitet og kosthald.

– Vi er ikkje ute etter å avsløre misbrukarane av alkohol ved gjennomføringa av denne undersøkinga. Vi ønskjer å avdekkje livsstilsforhold som kan ha noko å seie for behandlinga av pasienten, seier overlege Svein Skjøtskift ved Avdeling for rusmedisin.

Undersøkingar frå utlandet har synt at ein kan påverke sjukdomsforløpet sitt dramatisk ved å leggje om livsstilen for ein kortare periode.

– I ein dansk studie blei pasientar som stod på venteliste for mageoperasjon intervjua om livsstil. Dei som drakk mest alkohol fekk råd om å halde seg edru i fire veker før operasjon. Slik halverte ein talet på operasjonskomplikasjonar, seier Skjøtskift.

Skal få råd om livvstilsendring

Han håper så mange som mogleg vil delta i intervjuundersøkinga, som er frivillig. Alle opplysningane vil bli handsama konfidensielt.

– Helsepersonell vegrar seg litt for å stille desse spørsmåla fordi ein trur pasienten tykkjer det er ubehageleg. Men pasientane reagerer sjeldan negativt. Dei fleste av desse spørsmåla inngår i ein vanleg journal, seier overlegen.

Det er første gong ei slik undersøking vert utført i Noreg. Pasientar på Haraldsplass og Stavanger Universitetssjukehus vil få dei same spørsmåla som på Haukeland.

– Målet er å finne ut kor mange pasientar som har helserisikofaktorar. På den måten kan vi utvikle eit systematisk rådgjevingstilbod til dei pasientane som ønskjer å leggje om livsstilen sin.

Fortare frisk

Skjøtskift understrekar at det er pasienten sjølv om må ta jobben.

– Det er opp til ein sjølv om ein vil følgje råda ein får. Erfaringane frå Danmark viste at 90 prosent slutta å drikke før operasjon, så det ser ut som at pasientane er interessert i å følgje opp.

I tillegg til at den enkelte blir raskare frisk, er det også helseøkonomi i dette.

– Det er store utgifter knytt til opphald på sjukehus, så om ein kan redusere operasjonskomplikasjonar er det bra.

Unik undersøking

Resultata frå «Helsedøgnet 09» skal leggjast fram på ein internasjon konferanse i regi av Verdas Helgeorganisasjon (WHO) i byrjinga av mai.

– Det er stor interesse for undersøkinga som vil gje verdifulle data for mange, seier Skjøtskift.

Han ventar at resultata vil vise skilnader mellom avdelingane på sjukehuset.

– Vi veit ikkje akkurat kor opphopingane er, men truleg er det fleire pasientar med høgt alkoholkonsum på ortopedisk – og infeksjonsavdeling.

Er du villeg til å leggje om livsstilen dersom du kunne bli fortare frisk? Delta i diskusjonen.

HELSE BERGEN