Mange lastebilar vart undersøkt i Osvegen på Søfteland i går kveld, og to utanlandske vogntog vart haldne tilbake i Årdal til dei kan betale bota.

I Sogn kan vogntogsjåførar som ikkje skor bilane skikkeleg på det glatte føret vente seg bøter på opptil ti tusen kroner, seier lensmann i Aurland, Kjell Nordgulen til NRK.

Det var onsdag kveld at meir enn 30 vogntog og personbilar stod bom fast på E16 mellom Aurland og Voss. Også i torsdag sperra fleire trailerar trafikken.