Smittevernlegen på Eid har no fått svar på kva type E.coli-smitte den to år gamle guten døde av på Haukeland sjukehus denne veka. Den alvorlege bakterien har namnet 0:157 SPX2.

– Dette er den typen som er hyppigast assosiert med E.coli. Dette betyr at vi veit kva type bakterie vi skal leite etter og reagere på dersom den dukkar opp, seier smittevernlege Einar Sandven i Eid kommune.

Folkehelseinstituttet følgjer med på om det dukkar opp tilsvarande smitte andre stadar, eller om dette er eit lokalt tilfelle.

E.coli-bakterien som er avdekka er ikkje av den same typen som var årsaka til det store e.coli-utbruddet i Norge i 2006. Den gongen var det mårpølse frå Gilde anlegg som var smittekjelda.

Barnehageprøvar negative så langt

Etter at E.coli-smitten blei oppdaga på Eid, vart det tatt avføringsprøvar av alle borna i barnehagen. Det er no gått fem dagar sidan toåringen døde, og det er ikkje registrert andre smittetilfelle i kommunen.

– Det har ikkje vore utslag på nokre av prøvane vi har tatt av borna så langt. Men faren er ikkje over før alle prøvane er stadfesta negative, seier Sandven.

I morgon skal smittevernlegen til barnehagen for å informere om status, og eventuelle tiltak. Då vil han starte arbeidet med å sikre prøvar av dei tilsette.

– Når vi no veit kva slags bakterietype dette er, veit vi og at ein kan vere asymptomatisk berar. Det tyder at ein kan ha denne bakterien i tarmsystemet sitt utan å ha diare. Etter råd frå Folkehelseinstituttet testar vi også dei tilsette for tryggingsskuld, seier Sandveen.

Tatt prøvar på gard

Sjølv om bakterietypen er kartlagt, gjenstår arbeidet med å finne smittekjelda.

– Dette arbeidet vil ta fleire dagar. Det er ikkje sikker at vi greier å finne den heller, men arbeidet pågår for fullt, seier Sandveen.

Mattilsynet har undersøkt og teke prøvar på garden der den to år gamle guten budde. Familien har også blitt intervjua om kva dei har ete og stader dei har vore. Desse opplysningane dannar utgangspunkt for Mattilsynet sitt vidare arbeid.

– Dukkar det opp funn som gjer at vi må endre strategi, vil vi straks gå ut med opplysningar, seier legen.

Les meir om E.coli på Folkehelseinstituttet sine sider

Tormod Flatebø/Fjordabladet
PRØVER: Prøvane frå borna i barnehagen byrjar å bli klare, og så langt er det ikkje påvist fleire smitte-tilfelle.