Bygget til arbeidsgjevaren, avisa Firda i Førde, og bustaden i Jølster blir no sjekka.

— Når det dukkar opp tilfelle av legionærsjuke har vi heilt klare prosedyrar på kva som skal gjerast. Plassar der pasienten har vore, skal undersøkjast for å leite etter og sannsynleggjere smittekjelder. Kommunelegane har ansvaret for å gjennomføre dette arbeidet, seier rådgjevar Egil Bjørløw ved Folkehelseinstituttet til Bergens Tidende.

— Varpe var nyleg på ein ferietur til Barcelona. Er det ikkje sannsynleg at han har blitt smitta der?

— Det er vanskeleg å seie noko om. Klima ligg til rette for at han kan ha fått smitten i utlandet. Men vi har også hatt fleire tilfelle der smittekjelda har vore her i landet.

- Usannsynleg

Smittevernlege Thomas Følsche i Førde var sist fredag på ein gjennomgang på avishuset:

— Eg gjorde då ei kartlegging. Etter mitt syn er det usannsynleg at smittekjelda er i Førde eller Jølster. Mi meining er at pasienten har blitt smitta i utlandet.

— Har det blitt tatt prøver, eksempelvis frå ventilasjonsanlegget i avisbygget?

— Nei, ikkje så langt. Det blir opp til Folkehelseinstituttet å avgjere om det skal skje, seier Følsche.

Hovudverneombod i Firda, Kjell Kvammen, var med på gjennomgangen sist fredag.

— Eg går ut frå at det blir ein ny runde der også dei som kjenner ventilasjonsanlegget på huset kan vere med, seier Kvammen som understrekar at det er i Firdas interesse å få dette skikkeleg undersøkt.

Ventilasjonsanlegg med kjølesystem har fleire gonger vist seg å vere ein plass der legionellabakterien trivst. Også i varmtvassanlegg kan bakterien trivast, spesielt dersom temperaturen på vatnet er lågare enn 60 grader.

Ingen uro

— Vi forheld oss til helsevesenet i denne saka og ventar dei taklar dette på ein profesjonell måte. Dette blir jo ein bra test på om beredskapen fungerer i slike tilfelle, seier Firda-direktør Tore Dvergsdal.

Verken han eller redaktør Jan Atle Stang har merka noko som helst slags uro mellom dei tilsette etter at det blei kjent at avishuset blir sjekka.

— Eg har ikkje merka noko som helst slags skepsis til å møte på jobb. Men det vi er bekymra for, er korleis det går med Jarle, seier redaktøren.

Det var siste måndagen i februar at Varpe, som inntil i fjor var redaktør i avisa, blei innlagt på Førde sentralsjukehus. Han hadde då 40,9 i feber og var svimmel og omtåka. Dagen etter fekk han den alvorlege diagnosen legionærsjuka. Sist fredag blei han overført til Haukeland sjukehus der han framleis er innlagt.

Sjølv trur Varpe vinterferien i den spanske byen Barcelona er årsaka til at han fekk sjukdomen. Spanske styremakter er varsla om sjukdomstilfellet i Sunnfjord.