PER MARIFJÆREN

Vedkommande føyer seg inn i den lange rekka av etterlyste personar som er sjekka ut av saka.

Det var i slutten av august at mannen vart etterlyst, etter at eit overvåkingskamera på ein bensinstasjon fanga han opp idet han passerte til fots. Politiet offentleggjorde ei rekke bilder av mannen då han passerte Esso i Førde klokka ti over ni måndag 7. juni, altså same dag som Anne Slåtten vart funnen drepen.

Fonn opplyser at identifiseringa av hettemannen ikkje har samband med at ein innsatt i eit fengsel austpå fortalde at han kjente til hettemannen.

Mannen har ifølgje politiet gjeve ei truverdig forklaring på kvifor han passerte bensinstasjonen på det aktuelle tidspunktet.

SJEKKET UT: «Hettemannen» hadde en plausibel forklaring på hvorfor han ikke meldte seg for politiet, og er nå sjekket ut av saken.