2494 pasienter. Så stor er skilnaden på listene til fastlegane Gjermund Valland på Voss og Anja Grete Koenig i Jondal.

Med 2505 pasientar toppar Vossa-legen statistikken i Hordaland, og det med fem pasientar meir enn strengt tatt lovleg, i følge forskriftene i fastlegeordninga. På motsett ende av skalaen finn vi den tyske fastlegen Anja Grete Koenig i Jondal, som berre har elleve pasientar på det som er fylkets kortaste liste. Ho begynte i stillinga i juli, og er for tida på ferie på Maldivene.

— Med to faste leger i Jondal har legedekninga aldri vore betre enn i dag, seiar den andre fastlegen i Jondal, Buchardt Guntram, som har 986 pasientar på si liste.

Osterøy på tredje plass

Legen med den nestlengste pasientlista i Hordaland har kontor i Rådhusgaten i Bergen: Ragnhild S. Eriksen er fastlege for 2502 pasientar.

Osterøy-legen Ketil Nesse er tredjemann på listetoppen med 2225 pasientar.

Ragnhild S. Eriksen er elles ein av 24 legar i Bergen, som har eit listetak frå 2000 opp til maksimalt 2500 pasientar. Likevel har berre fem av desse legane over 2000 pasientar på listene sine. Dei fire andre er Olav Ervik (2200 pasientar), John Egil Davidsen (2500 pasientar) Arne Giil Haanshuus (2103 pasientar) og Christine Lea Abel (2003 pasientar).

Store forskjellar

Etter den aller kortaste lista på elleve pasientar i Jondal, følgjer lege Vigdis Syrstad i Fusa med 238 pasientar. Den tredje og fjerde kortaste lista finn me også i denne kommunen. Kortast liste i Bergen har Svein Zander Brattland med 323 pasientar.

Det kan vera fleire årsaker til at listelengdene varierer så voldsomt frå fastlege til fastlege. Kvar lege har skrive under ein avtale med sin kommune om kor mange pasientar dei kan ha på lista si. Dette listetaket blir bestemt utfrå til dømes kor mange kontordagar legen har i veka, andre forpliktelsar som tilsynslege, kommunelege eller forsking og legens alder.

Totalt har Hordaland 373 fastlegar.