— Eg har fanga mange krabber, men dette er den løgnaste eg har sett, seier Sigurd Vik (52).

Ved hjelp av eit breiflabbgarn drog han i går opp denne skapningen over ripa utanfor Byrknes i Gulen kommune.

Vik skjønte straks at dette var ein krabbe utanom det vanlege.

— Han såg på meg med store, stirande auge, hadde spesielle klør og målte 20 centimeter over ryggen, fortel fiskaren.

- Lurte på om den var sjuk

Heller ikkje på fiskemottaket på Byrknesøy drog dei kjensel på krabaten.

— Her på mottaket har vi ikkje sett liknande gjennom tidene. Vi lurte først på om det var ein vanleg krabbe som var sjuk eller hadde fått pigmentfeil, fortel eigaren av fiskemottaket, Stein Inge Larsen.

Fiskaren prøvde å halde krabben i live, men han døydde i går. No ligg han godt bevart i frysen før han skal sendast inn til Havforskningsinstituttet.

Har ikkje norsk namn

Det er ikkje rart at fiskarane på Byrknesøy vart overraska av synet. Også ekspertane på Havforskningsinstituttet er overraska over funnet. Krabben er så sjeldan i norske farvatn at den ikkje ein gong har eit norsk namn.

— Utifrå bileta kan eg ikkje sjå nøyaktig på art det er, men det er eit medlem av chaceon-familien. Dette er såkalla deepsea-crabs, som lever på djupt vatn, seier forskar Otte Bjelland.

Han seier at dei svært sjeldan høyrer om slike funn i Noreg. Vest for dei britiske øyane blir det derimot drive fiskeri på denne krabbearten.

Har du fått noko rart i fangsten i sommar? Send oss gjerne eit bilde.

Les fleire historier frå det våte element: