RAGNHILD HOV

— Det året purka fekk 17 ungar, stod ho det ikkje over. Det var inga god oppleving for ei ungjente, seier sjefen på Kvinneklinikken (KK) mange år etter.

— Men eg fekk jobb som sjukepleiar på gynekologisk avdeling på KK då eg var ferdig som sjukepleiar. Det vekte interesse for kvinnehelse. Eg trur det avgjorde valet.

— I alle fall har eg aldri angra eit sekund. Jordmoryrket er berre heilt fantastisk. Noko heilt utanom det vanlege. Eg kan ikkje forstå kva som kan måla seg med å hjelpa barn med å koma til verda

EIN BUKETT GULE ROSER på skrivebordet er det fyrste eg legg merke til då eg vert beden inn på Eides kontor.

— Jau, eg fekk rosene måndag etter det vart klart at styret hadde skjerma Storken frå sparekniven. Ei helsing frå gode medarbeidarar, seier jordmora stolt då eg spør om rosene er ei gåve.

Høfleg lar eg vera å spørja kor mange lækjarar som har vore med å spleisa på buketten.

Vi har nemleg alt gjort ein avtale, avdelingssjefen og eg. Konflikten om kva yrkesgruppe som er best skikka til å leia ein sjukehusavdeling som vart utløyst då Britt Eide fekk leiarstillinga på KK i vår, skal ikkje stå på dagsorden på møtet vårt.

Når det gjeld dette temaet er Eide så kontant som ei jordmor kan vera.

— Eit ord om leiarkonflikten og det vert ikkje noko intervju.

Lett har det ikkje på nokon måte vore å koma innanfor dørene på det heimekoselege kontoret til avdelingsleiaren på landets nest største fødeklinikk.

Først takka Eide høfleg, men bestemt nei til intervju då ho tok til i stillinga i vår. Leiarkonflikten var orsakinga.

I førre veke forsona BT seg med at arbeidet med å finna alternative sparetiltak til det administrasjonen alt hadde sett fram, gjekk framom avisintervju.

— Eg kapitulerer. Men, er det verkeleg nokon som bryr seg med å lesa om meg, undrar Eide seg då eg endeleg får henne i tale i telefonen denne veka. Med avdelingssjefens hjelp fann styret likevel ut at det var midlar nok på budsjettet til å redda Storken.

At det nok er langt fleire enn eg som lurer på kva ho er laga av, dama som tør å gå i front mot lækjarane sitt einevelde ved sjukehusa, held eg for meg sjølv.

Det er ikkje alt som kan seiast høgt til eit intervjuobjekt.

I staden spelar eg ut argumentet om at sidan dei fleste bergensarane har lege på Kvinneklinikken den gongen dei vart fødde, så kan det vera at dei er litt nysgjerrige på kven sjefen der er.

— Ha, ha. Han skal få koma hit på omvising slik at han får sjå korleis jordmødre eigentleg er. Her vil han sjå at vi alle jobbar godt i lag, så vel jordmødre som lækjarar.

Britt Eide set latterdøra på vidt gap då eg fortel om kjelda som har skildra henne som ei varm og omsorgsfull kvinne med uvanleg høg sosial intelligens.

— Det er ikkje mykje sint og tverr jordmor i den dama, nei, var kjelda sin konklusjon

— Men jordmødre må vera sterke og utstråla ein naturleg autoritet. Dei arbeider ofte under sterkt press. Det er ikkje tid til å venta med å ta ei avgjerd til neste dag. Men sinte og beiske. Nei, det er vi ikkje.

EIDE LER IGJEN før ho på nytt vert alvorleg:

— Men tilveret er ikkje alltid rosenraudt. Det vil alltid vera nokre få fødslar som endar slik ingen ønskjer det. Då må jordmor også vera sterk nok til å bera det.

— Sjølv frys eg på ryggen når eg tenkjer på kva mange distriktsjordmødre måtte tola i gamle dagar. Det var inga hjelp å få bakom nabodøra verken av kollegaer eller lækjarar om noko gjekk gale.

Jordmor måtte rå seg sjølv. Min respekt for den gamaldagse jordmora er stor, understrekar ho.

— Og kjenslene er alltid sterke i yrket vårt. Kvinnene hugsar jordmora si. Mor fortalde meg at ho aldri gløymde fargane på forkleet til jordmora. Ho hadde tre heimefødslar før eg kom til verda på sjukehuset på Voss.

Sjølv vert eg framleis varm om hjartet når eg møter jordmødrene som har teke mot borna mine. Dei arbeider her på Kvinneklinikken.

Eide er engasjert. Ingen treng å vera i tvil om at vi no er på avdelingssjefen sin heimebane. Både jordmorlærar og fagforeiningsleiar som ho har vore.

— Ein tredel av dei som fullfører jordmorutdanninga praktiserer aldri som jordmødre. Dei maktar truleg ikkje presset. Men dei som vert i yrket er stabile.

— Er dei først jordmødre, jobbar dei ikkje halvt om halvt med andre oppgåver, seier Eide og skjenker svart kaffi.

Rett nok ikkje frå ein gamaldags jordmorkjel, men, frå ein nett, tidsrett kaffitraktar, slike vi finn på leiarkontor no til dags.

— Du skjønar leiarstillinga er ein dagjobb. Jordmorkaffi passar betre nattestid. Forklarar ho då eg spør om ikkje ekte jordmorkaffi skal vera sterkare.

Britt Eide har ikkje tal på dei nyfødde ho har teke imot.

Men ho må innrømma at det ikkje er så mange. Berre nokre hundre om ho legg til alle fødslane frå studietid og turnusteneste. Slik har det vorte når så mange år av karrieren har gått med til undervisning, organisasjonsarbeid og administrativt arbeid.

MEN FIRE BARNEBARN har ho. To av dei har ho vore med og hjelpt til verda. Dei to eldste vart forresten fødd heime.

Eide er rask med å understreka at heimefødslar kan vera bra også i vår moderne tid. Berre foreldra ønskjer det, mor og barn er friske, og alt elles ligg til rette.

Til jul ventar ho barnebarn nummer fem. Barnet skal verta fødd på Kvinneklinikken med avdelingssjefen som jordmorassistent.

— Ja, svarar Eide nesten utan å nøla då eg spør om ho reknar seg som ei modig dame.

— Rett nok kan eg grua meg for mange oppgåver. Men eg gjer dei likevel.

— Når skjøna du at du kunne verta sjef?

— Stillinga eg har no, var det ikkje sjølvsagt for meg å søkja. Det var ikkje ein jobb eg over lang tid hadde planlagt at eg skulle ha. Faktisk tenkte eg meg lenge om før eg søkte.

I det dagleg har ho ord på seg for å vera utolmodig.

— Det ligg ikkje for meg å lesa bruksrettleiingar. Difor går det ofte gale når eg skal ta i bruk nye elektriske maskiner på kjøkkenet, ler Eide.

Instruksjon hadde ho heller ikkje tid til å venta på då ho for nokre år sidan skulle debutera som mopedist i Hellas. Køyreturen enda raskt med fall.

Det vart berre ein tur. Både før og sidan har ho nøydd seg med å vera eksosrype.

Mannen, Gunnar, har vore eigar av fleire motorsyklar med sidevogn dei åra ho har vore gift med han. Ho har prøvd sidevogna på dei alle.

— Han hadde eingong ei sidevogn som romma heile familien. Eg sat bakpå medan alle ungane fekk plass i vogna. Slikt skaper oppstuss i nabolaget, seier ho og legg til:

— Vi vart nok også lagt merke til då vi kom køyrande på ein sykkel med ei lita sidevogn ein gong eg var høggravid. Eg fylte opp plassen nett som eit egg i eggeglas.

SOM LEIAR i Den norske Jordmorforening, pendla Britt Eide mellom Bergen og Oslo i seks og eit halvt år.

— Utan ein svært tilpasningsdyktig familie hadde det aldri gått bra, meiner avdelingsleiaren og legg i veg med å skryta av ektemannen.

Eide trong ikkje ha dårleg samvit for at ho slapp unna verken klesvask, matstell eller lekselesing med ungane, dei åra ho berre var heime i helgane.

— Hardast gjekk det inn på meg at potteplantene vart så mykje frodigare då eg var heimanfrå. Gunnar investerte i ei bok om plantestell, gjekk heimatt og las. Brått hadde vi stovevindauga som i ein botanisk hage, ler ho.

Det var ikkje lengda på CV-en som fekk legeforeningens fremste menn til å fnysa forarga då Britt Eide vart tilsett som avdelingsleiar på Kvinneklinikken.

CV-en dokumenterer at ho har brei helsefagleg praksis og utdanning. Dessutan avslører dokumentet vidt samfunnsfagleg engasjement.

Berre medisinstudiet manglar. Elles har Britt Eide vore så vel sjukepleiar som jordmor, bystyremedlem og fylkestingsmedlem. I 1996 var ho observatør ved FN si generalforsamling i New York. Det var året etter ho gjekk på totalforsvarskurset ved Forsvarets Høgskule.

— Der fekk eg mellom anna ei brei innføring i totalaforsvaret, mellom anna beredskapsplanane innan helsesektoren. Dessutan fekk eg fly Hercules-maskin. Det var moro, seier ho og ler med den karakteristiske latteren sin.

POLITISK RØYNSLE har ho henta i Arbeidarpartiet. KK-sjefen har sete både i bystyret, fylkesutvalet og fylkestinget.

Så gode skussmål skal Eide ha fått som helsepolitikar at det etterpå har ryktast at ho var med i ein av dei siste rundane då tidlegare helseminister Tore Tønne skulle velja seg statssekretær.

Ryktet vil Eide ikkje sjølv stadfesta.

— Eg veit berre at eg vart foreslått. Men eg har sans for Tønne og det han fekk utretta då han let staten verta sjukehuseigar. Eg likar forresten Dagfinn Høybråten godt òg, eg.

Toppen på den lokale helsepolitiske karrieren nådde ho då ho leia ein komité som gjekk gjennom heile det somatiske sjukehustilbodet i Hordaland.

Fleire av forslaga var svært omstridde.

— På Voss gjekk dei til og med i fakkeltog imot meg. Det var ikkje moro.

Likevel kan ho konstatera at mykje av det komiteen foreslo, er gjennomført i dag.

— Nei, kvifor skulle eg det, seier den frodige jordmora då eg spør om ho har angra på at ho tok den omstridde stillinga som avdelingsleiar på Kvinneklinikken.

I mitt stille sinn har eg tenkt at det ikkje kan vera særleg festleg å få på seg at ein er «gjenstand for ein kollektiv administrativ hjernekollaps», slik leiaren for Offentlege legers landsforening, Ola Jøsendal, har hevda i landets største aviser.

- EG HAR EIN JOBB Å GJERA og har bretta opp ermane. På Kvinneklinikken er det tid for å ta fatt på ein dugnad. Dugnaden skal vi ta saman, alle vi 500 tilsette her.

— Får eg forresten koma med eit ønskje?

— Ja?

— Storken har fått mykje velfortent skryt dei siste vekene. Men skriv at dette ikkje tyder at den «alminnelege» fødeavdelinga vår ikkje er bra nok.

Understrek også at kvinner som ikkje ønskjer føda på Storken ikkje må kjenna seg som pyser. Poenget er at kvinner skal ha fridom til å velja sjølv

Valfridomen har styret gjeve rom for. No er det opp til oss å visa at styret gjorde rett.

Foto: Thor Brødreskift