Det er statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet som opnar for dette, sjølv om det langt frå er snakk om nokon lovnad.

Men på møte tysdag mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Samferdsledepartementet kom det ikkje fram noko som vil endra samferdsleministeren si avgjerd om å avslutta prøveperioden med kollektivansvar for Bergen kommune frå komande årsskifte.

Bergen kommune har hatt ansvar for kollektivtrafikken innanfor kommunegrensene sidan 1. januar 2004.

Dette ansvaret går attende til Hordaland fylkeskommune frå 1. januar 2008.

Visste ikkje om usemja

Steinulf Tungesvik står fast på at usemja mellom fylket og kommunen er einaste grunnen til at prøveordninga vert avslutta.

På møtet kom det fram at samferdsleministeren ikkje visste at Hordaland fylkeskommune har vore mot prøveordninga frå fyrste stund, og at ordninga vart gjennomført frå 1. januar 2004 mot fylket sin vilje.

I fylgje Tungesvik var dette i strid med lova for slike prøveordningar å gjennomføra dei dersom dei lokale partane var usamde. Dåverande samferdsleminister Torill Skogsholm, V, og kommunalminister Erna Solberg, H, hadde dermed trumfa gjennom prøveordninga med lokalt kollektivansvar for Bergen kommune i strid med gjeldande lovverk, seier Tungesvik.

Prøveordninga med kollektivansvar for Bergen kommune vil ha vart i fire år når ho går ut 31. desember 2007.

Prøveordninga skal då evaluerast.

Tungesvik seier at Samferdsledepartementet til no ikkje har gjort seg opp noka eiga meining om korleis Bergen har stelt seg med sitt kollektivansvar. Rett og slett fordi regelverket seier at vilkåret for prøveordninga er lokal semje, og ingenting anna.

Vurdering på fritt grunnlag

Men når prøveordningane og evalueringane er avslutta, stiller denne saka seg annleis. Då er det snakk om eventuelt å gjennomføra permanent ansvarsfordeling mellom fylke og kommune i samband med regionreforma frå 2010.

– Då, seier Tungesvik, – vil vi dukka ned i materien og vurdera på fritt grunnlag korleis Bergen har forvalta ansvaret for kollektivtrafikken i byen i prøveperioden. Konklusjonen departementet dreg av denne evalueringa vil då verta avgjerande, og ikkje semje eller usemje mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.

LOVER INGENTING: Statssekretær Steinulf Tungesvik.