Alle 13 er no sikta i saka, som politiet karakteriserer som den største trygdesvindelen nokonsinne i distriktet.

– Både i høve talet på involverte og storleiken på beløpa er dette den største saka eg kjenner til, seier politiadvokat Terje Gjertsen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ei rekke av dei involverte skal ha svindla det som inntil nyleg heitte Aetat og Trygdeetaten for fleire hundre tusen kroner kvar.

– Det er snakk om alt frå 30–40.000 og opp til rundt 400.000 kroner for kvar enkelt sikta, seier Gjertsen.

Til saman er det altså snakk om millionsummar.

Lossing, trygd og sigarettar

Politiet er i ferd med å avslutte den omfattande etterforskinga. Fleire av dei sikta er avhøyrt, og ifølgje Gjertsen skal det gjennomførast ein avsluttande runde med avhøyr like over nyttår.

– Dei er sikta for å ha utført arbeid for eit lossefirma, utan at dette er registrert på noko vis. Samtidig har dei altså motteke trygdeytingar, seier politiadvokaten.

Eit lossefirma i Måløy står etter politiets meining sentralt i sakene. Den 37-årige eineeigaren av lossefirmaet vart pågripen i samband med ein større politiaksjon mot sigarettsmuglarar våren 2005. Dette vart også starten på etterforskinga av trygdesakene.

Sigarettane kom ifølgje politiet til Vestlandet frå Russland med ein varebil spesialombygd til føremålet. Smuglarane – inkludert innehavaren av lossefirmaet i Måløy – vart tatt på fersk gjerning i Fitjar kommune, etter at politiet hadde spana på bilen på veg gjennom Sogn og Fjordane og Hordaland. Mannen har fleire gonger tidlegare vore i søkelyset i samband med spritsmugling.

– Ikkje høyrt noko

– Innehavaren av lossefirmaet er sikta for smugling av rundt ein halv million sigarettar. Vi vurderer også å sikte han for medverknad til trygdebedrageriet, seier Gjertsen til Bergens Tidende.

37-åringens forsvarar, advokat Kim Erling Gerdts, seier til Bergens Tidende at hans klient ikkje erkjenner noko straffskuld i samband med sigarettsmuglinga.

– Han vart pågripen, men har sidan ikkje høyrt noko som helst frå påtalemakta om denne saka, seier Gerdts.

Når det gjeld påstanden om medverknad til trygdesvindel, seier Gerdts at saka er heilt ukjent for han. Men politiet hevdar å ha gjennomført eit stort dokumentasjonsarbeid i saka. Etter at dei siste avhøyra er avslutta, vil det omfattande materialet bli oversendt statsadvokaten.