Besøkssenteret som blei offisielt opna ved stavkyrkja på Borgund i går kveld, blir eit nasjonalt senter for alle dei 28 norske stavkyrkjene. I talen under opningshøgtida karakteriserte Dronninga dagen som ein milepæl for eigaren av stavkyrkjene, Fortidsminneforeningen.

— Stavkyrkjene er unike i verdas arkitekturhistorie. Dei står heilt sentralt i vår kulturarv. Samstundes vitnar dei også om ytre påverknad. I stavkyrkjebygga møttest den romerske steinkyrkjearkitekturen og dei norrøne byggjarane av vikingskip, slo Dronninga fast under opningstalen. Ho konstaterte også at sidan sist ho var på besøk i Lærdalsdalen, har stamvegen blitt lagt om og går no utanom stavkyrkja:

— Området har fått ei stille og ro det ikkje hadde før. Kanskje kan vi få tilbake den atsmosfærene som var her då den gamle kongevegen gjekk forbi kyrkja.

Mellomaldergudsteneste

Dronninga er på privat besøk i Sogn, og kom til Lærdal med kongeskipet. Tidlegare på dagen hadde ho vore på fjelltoppen Molden i Luster, og sett ned på ei anna av dei vidkjende stavkyrkjene ved Sognefjorden, Ornes.

På Borgund starta opningshøgtida for stavkyrkjesenteret med ei kort mellomaldergudsteneste leia av biskop Ole D. Hagesæter. Deretter gjekk det kongelege følgjet dei par hundre meterane frå stavkyrkja til den nye informasjonsenteret.

Stavkyrkjesenteret ligg med fritt utsyn til kyrkja. Senteret inneheld utstillingar, museumsbutikk, toalett, kontor og kafè med plass til kring 75 personar. Bygget er teikna i eit moderne formspråk.

Avlaste senteret

Årleg besøkjer i overkant av 40.000 turistar Borgund stavkyrkje. Den store slitasjen turisttrafikken gav kyrkja, var utgangspunket då tanken om å byggje eit besøksenter dukka opp første gong rundt 1990. Tanken var å byggje eit servicesenter for å avlaste og hindre at kyrkja blei øydelagt. Seinare blei planane utvida til det det framstår som i dag, eit informasjonssenter for alle norske stavkyrkjer.

Etter opninga blei dronning Sonja vist rundt inne i senteret av riksantikvar Nils Marstein. Til media gav ho tydeleg uttrykk for at ho var imponert.

Borgundkrossen

— Eg trur dette vil bli ein plass der besøkjande kan gå i detaljar om stavkyrkjehistoria. Eg håpar dette vil vere med på å gjere oss alle meir medvitne om kva stavkyrkjene står for, sa Dronninga..

Som eit minne frå senteret fekk ho med seg ein kopi av Borgundkrossen i massivt gull.

Høgdepunktet under opningshøgtida var likevel utan tvil dei tre gutane som framstilte Per, Pål og Espen Askeladd i ein heilt ny eventyrversjon. Ein svært så frimodig Askeladd, tolka av Håkon Mo Voldum, overleverte niste til dronning på ein måte som kunne fått smilet fram på den mest hardbarka. Heimebaka flatbrød, spekemat og brunost fekk dronninga med seg ned att på kongeskipet ved kai i Lærdal.