— Vi måtte gå opp for å hjelpe. for han byrja å nærme seg land, seier Grete Hammervold.

Som ferjepassasjer vart ho litt over klokka 20 måndag kveld vitne til at ferja M/F «Heilhorn» måtte redde ein liten sjark som var i ferd med å drive inn mot land nær Tobbeholmane ved Husavik i Austevoll.

På veg nordover

— Det var ein sjark som var på veg frå Fitjar til Sotra, trur eg. Eg merka at ferja bakk opp og så kom ferjemannskapet løpande, seier ho.

Ifølgje Hammervold fekk mannskapet etter litt arbeid eit slep over til sjarken, som dei så held inn til ferja til ambulansebåten kom.

— Dei slepte sjarken inn til ferjekaien i Husavik.

Tilkalte hjelp

— Vi fekk melding via M/F «Fanafjord» som sa at båten hadde meld frå om problema over Rogaland Radio. Dermed måtte vi hjelpe til, seier styrmann på M/F Heilhorn, Jonn Eikeland til BA.

Han seier mannen ombord i den lille fiskebåten forklarte at han ikkje hadde noko framdrift, og trengte hjelp.