Miljøstiftinga er sterkt kritisk til den norske oljevernberedskapen. Bellona meiner norsk oljevern er ute av stand til å handtere eit havari som med tankaren «Prestige» utanfor Spania-kysten.

— Lenser og anna utstyr som ligg klar til bruk i oljeverndepota langs kysten, er berre eigna til å handtere mindre utslepp frå laste- og fraktebåtar. Mot utslepp frå ein stor oljetankar har vi i realiteten ingen beredskap, seier fagmedarbeidar Thomas Nilsen.

Like ille

I 1989 fekk det brasilianske skipet «Mercantil Marica» motorstopp vel to nautiske vest av Holmengrå. Lastebåten dreiv innover Sognesjøen og gjekk til slutt på grunn på eit skjær. 350 tonn bunkersolje lak ut, og grisa til strendene i Solund.

Oljeforurensinga var eigentleg minimal. Likevel var det havariet med «Mercantil Marica» som gjorde at folk fekk auga opp for konsekvensane av eit tankbåthavari, og norske styremakters manglande evne til å takle ein slik situasjon. 13 år seinare er ikkje situasjonen mykje betre, meiner Bellona.

— Samkøyringa mellom etatane som skal handtere ei slik krise, har blitt betre. Men i forhold til å avgrense skadeverknadene av eit utslepp frå ein oljetankar, står vi framleis på bar bakke, seier Nilsen.

Russarolje

Opprenskingsaksjonen etter forliset i Sognesjøen kosta kring 21 millionar kroner. Dersom ein supertankar går på grunn er det mange som trur kostnaden med opprydding og skader kan bli like stor i milliardar.

— I forhold til utgiftene med ein oppryddingsaksjon, vil det vere ei svært rimeleg investering å byggje opp ein skikkeleg beredskap på førehand, kommenterer Nilsen.

Og mange ekspertar meiner faren for at ein supertankar skal forlise i norsk farvatn, har auka kraftige dei siste åra. Med sine 2000 anløp i året er Mongstad ein av Europas største oljeterminalar. Eit havari i nærområdet til Mongstad-anlegget kan få enorme konsekvensar for heile kyststripa langt oppover mot Trøndelag.

Russartrafikk

Men i tillegg har russarane no starta med ein omfattande frakt av råolje langs norskekysten. Oljen kjem frå store felt i Barnetshavregionen, og trafikken er venta å auke kraftig i åra framover. I følgje Statens Forureiningstilsyn har det på det meste no i haust blitt frakta nær 600.000 tonn råolje langs kysten kvar månad. Dette kan innan ein ti-års periode auke til 2 millionar tonn.

— Mesteparten av desse båtane har Rotterdam som endestad. Dei følgjer den norske skipsleia, og held seg rett utanfor firemilsgrensa, seier Thomas Nilsen.

I følgje Nilsen brukar russarane alt no supertankarar som kan ta opptil 150.000 tonn råolje i denne trafikken. Det skjer langs ein svært vêrhard kyst, som i tillegg ligg i mørke store delar av vinterhalvåret.

— Dei russiske tankarane er av like god kvalitet som andre skip som seglar på verdshava. Men skilnaden går på at dei trafikkerer eit farvatn som er vêrhardt, vanskeleg og i fleire månader stort sett mørkt heile døgnet.