Det var om morgonen torsdag 5. februar i år at Måløy-kvinna som vanleg skulle ta bilen på jobb. Men denne dagen oppdaga ho at noko var skjedd med Volvo'en.

Då hadde ho og kjærasten i fleire dagar vore plaga av ei rekke anonyme tekstmeldingar av typen dere har en utfordring med å finne 4 feil på Volvo ha ha og liknande.

I retten nekta den 29 år gamle mannen for eikvar befatning med saka, utan å bli trudd.

Fekk ny kjærast

Domfelte og Måløy-kvinna hadde kjent kvarandre i lengre tid, og 29-åringen var blitt betatt av kvinna. Sommaren 2003 fortalde 29-åringen henne dette, men skal ha fått som svar at ho ikkje hadde slike kjensler overfor han.

I Nordfjord tingrett forklarte 29-åringen at han framleis var betatt av kvinna, men at han ikkje reagerte spesielt på at ho hadde fått seg ein ny kjærast.

Dette stod i sterk kontrast til parets versjon av saka – ei forklaring tingretten har vald å feste lit til.

Det første sms-trusselen kom i slutten av januar, det siste dagen etter at kvinna fann bilen med avkutta bremser.

Nokre av meldingane refererer til "ein svarting", noko som medførte at kvinnas nye kjærast ei tid trudde dei kom frå ein av dei tiltalte i Beheim Karlsen-saka. I denne saka var han nemleg eit av aktors vitne mot dei to tiltalte.

Men etterkvart skulle mistanken bli dreia i retning av den domfelte 29-åringen, som vart pågripen ikkje lenge etter sabotasjen mot parets bil.

Same person står bak

Hinsides einkvar rimeleg tvil finn retten det godtgjort at det er 29-åringen som står bak både meldingane og bilsabotasjen. Bakgrunnen er først og fremst at ein av kontantkort-telefonane som vart brukt, vart beslaglagt hjå 29-åringen. Både tidspunkt og plass meldingane er sendt frå, passar i tillegg godt saman med 29-åringens reisemønster. Retten viser også til den direkte samanhengen, og meiner same person må stå bak både sms'ane og skadeverket.

Slutteleg viser retten til at paret ikkje fekk ein einaste trusselmelding før dei vart kjærestar, og at dei heller ikkje har motteke nokon etter at 29-åringen vart pågripen og fengsla.

I retten nekta han eitkvar tilknytning til saka. Han meinte at uvedkommande kan ha hatt tilgang til telefonen, og at det er mogeleg at involverte i Beheim Karlsen-saka kunne stå bak. Retten kan på si side ikkje sjå at det er nokon haldepunkt for denne teorien.

"Bad brakes ups"

Dermed er han dømt for å ha kutta bremseslangen ved venstre bakhjul på bilen som stod parkert på gata utanfor bustaden i Måløy, anten om kvelden onsdag eller natt til torsdag 5. februar. Om morgonen 6. februar sendte han deretter meldinga "bad brakes ups no brakes", meiner retten. I løpet av dei par siste vekene hadde paret fått ei rekke liknande meldingar, som eksempelvis Kanskje dere skal sjekke bilen om morgenen hvem vet og Dårlige bremser går bra se om det går bra når et hjul faller av men hvilket og liknande.

Eit sakkunnig vitne frå biltilsynet forklarte i retten at bilen ville misse rundt 20 prosent av bremsekrafta av slik sabotasje, pluss at ei varsellampe vil lyse. Normalt ville bremsekapasiteten vere god nok til å stoppe, men dersom bilen hadde andre feil på bremsene ville det kunne vere fare på ferde i ein nødsituasjon. Føraren kan også bli overraska over at bremsene brått er dårlegare, og dermed ikkje trakke pedalen hardt nok inn.

Berre få dagar før bremseslangen vart kutta i Måløy skjedde det tilsvarande sabotasje mot ei drosje i Førde. Sakene vart den gongen kopla i media, men politiet utelukkar no ein samanheng. Saka i Førde er ikkje oppklart.

Klar over faren

Retten finn at 29-åringens handling må reknast som grovt skadeverk, og at den bilkyndige 29-åringen har handla med forsett. Etter rettens syn var han såleis klar over den faren for liv eller helse som kuttinga medførte.

I skjerpande retning vektlegg retten at 29-åringen har utsett to uskuldige personar for trugsmål og skadeverk som medførte stor uvisse og frykt.

Retten set straffa til fem månaders fengsel, av desse to på vilkår. I tillegg må den tidlegare ustraffa mannen betale reperasjon av bilen og sakskostnader på fem tusen.

Påtaleansvarleg i saka, politiadvokat Knut Broberg, er nøgd at dommen er i samsvar med politiets straffekrav.

29-åringens forsvarar, advokat Jan Holvik, seier til Bergens Tidende at hans klient vurderer å anke dommen. Han er også kritisk til bruken av varetekt i saka, som han meiner råkar rettstryggleiken.

— Her held dei ein tidlegare ustraffa mann inne heilt fram til rettsaka. Dette gjer at han omtrent vil ha sona straffa ferdig før ankefristen er gått ut, seier Holvik.