KJERSTI MJØR

Siste veka har vore dramatisk for dei nitten tilsette i Vest Ambulanse, det nyetablerte, kommersielle selskapet som overtok sjuketransporten i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy ved årsskiftet.

Fredag skreiv BT at hovudtillitsvald Helge Eriksen (39) var blitt utestengt frå arbeidsplassen sin. Eller «fristilt», som det heiter i brevet frå advokaten til arbeidsgjevaren. Årsaka skal vere samarbeidsproblem mellom Eriksen og leiinga. I dagane etterpå er heile åtte ambulansesjåførar blitt sjukmelde.

— Mange av desse sjukmeldingane ser eg i klar samanheng med samarbeidsproblema med leiinga, seier hovudverneombod Alf Iversen (59) til BT.

Måndag kveld vart han sjølv sjukmeldt. Arbeidssituasjonen i Vest Ambulanse og ansvaret som tillitsvald har slite han ut.

Underbemanning har ført til stor slitasje blant dei tilsette siste ni månadane.

— Det er ikkje uvanleg at folk jobbar mellom seks og ti døgn samanhengande. Vi burde vore 21 mann, men er berre nitten, seier Iversen.

Svolten eller travel

Også store samarbeidsproblem med leiinga har skapt eit tøft klima. Eriksen og Iversen fortel om korleis dei tilsette må purre på det mest nødvendige utstyr i månadsvis før noko skjer, at kursing og fagleg skulering har vore lik null og at tillitsvalde er blitt neglisjerte av leiinga.

— Leiinga og dei tillitsvalde har forskjellig syn på kva ei kvalitativ god teneste er, meiner hovudtillitsvald Helge Eriksen.

— Eit trettitalls gonger har eg bede om å få møte Vest Ambulanse-leiinga, men kvar gong får eg høyre at driftssjefen er trøytt, svolten eller ikkje har tid.

— Det er også graverande at eg som hovudverneombod ikkje ein einaste gong er blitt involvert i personalsaker, sjølv om det står i regelverket at så skal skje, seier Iversen. Han hevdar at driftssjefen ikkje skil mellom person og sak og at det pregar klimaet på arbeidsplassen.

Svært urolege

Ikkje eit einaste personalmøte er halde sidan januar, mens beordring skjer i form av sms-meldingar til sjåførane.

På eit krisemøte blant dei tilsette søndag, vart det sett ned eit arbeidsutval som kravde eit møte med Haukeland sykehus om arbeidssituasjonen.

Natt til laurdag var det driftsstans på Askøystasjonen i kring 40 minutt, på grunn av sjukmeldingar.

— Hadde dei ringt til meg, kunne eg stilt på ti minutt. Dette er uansvarleg i forhold til pasientane, seier Eriksen.

— Er Vest Ambulanse eit selskap i full oppløysing?

— Slik situasjonen er no bør ein annan operatør bør overta administrasjonen av selskapet, seier Iversen.

I juli påpeikte fylkeslegen i ein rapport at berre to av sjåførane i Vest Ambulanse hadde den nødvendige kompetansen til å gje medisinsk behandling. Desse to tilsette er Iversen og Eriksen. Fylkeslegen har gitt Vest Ambulanse frist i oktober til å gjere noko med situasjonen.

UROLEGE: Hovudverneombud Alf Iversen (t.v.) og hovudtilitsvald Helge Eriksen hevdar dei har vanskar med å koma i kontakt med leiinga i Vest Ambulanse.
Foto: Bjørn Erik Larsen