— Me hadde fått eit tips om ruskete bilkøyring, seier operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ein politipatrulje tok opp jakta, og observerte den omtala bilen på E 39 sør for Førde.

Politiet prøvde å få bilen til å stoppe. Det lukkast ikkje på fyrste forsøk, men etter kvart køyrde den utanlandskregistrerte bilen inn til sida.

Men då sprang sjåføren til skogs.

— Politiet leita etter han ei stund, men utan resultat, seier Bell.

Eit par timar seinare melde ein kar seg ved lensmannskontoret i Førde.

— Han sa han hadde vore passasjer i bilen, fortel Bell.

Det stiller politiet seg tvilande til.

— Me har grunn til å tru at dette er sjåføren. Det blir no tatt blodprøve av han. Me mistenkjer promillekøyring, seier Bell.