Torsdag 12. juni i år stoppa politiet ein uregistrert bil på E39 i Førde, etter tips om aktlaus køyring. Bak rattet sat ein 56-åring som ifølgje vitne hadde det svært så travelt med å rekke andre dag av si eiga straffesak.

Han hadde da tilbakelagt cirka ti mil i den uregistrerte bilen, og mista førarkortet på staden. Utan at dette på nokon måte har hindra han i å kjøre bil i ettertid.

Stoppa tre-fire gonger

På dei knappe to månadene som er gått sidan beslaget, er 56-åringen frå Nordfjord blitt observert bak rattet ei lang rekke gonger.

Fleire vitne har meldt frå om dette til politiet, som har tatt affære og stoppa han minst fem gonger i sommar.

— Han er ilagt ei bot på 10.000 kroner for dei tre første tilfella, og politiet har i tillegg beslaglagt førarkortet hans i tre månader, seier politibetjent Hanne Heggen ved Eid lensmannskontor.

— Så er han stoppa to gonger til, seinast sist laurdag. Vedkommande har tydelegvis ingen respekt for politiets avgjerder i denne saka, som jo berre blir meir alvorleg for kvar gong.

Og i går var nok nok for jourhavande politijurist i Sogn og Fjordane, politiadvokat Tor Teige:

— Vi har nettopp tatt beslag i ein bil som høyrer til vedkommande. Av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje seie meir om dette, seier Teige.

Skulle rekke rettssaka

Bøtestraff er den normale reaksjonen når folk blir tatt for køyring utan gyldig førarkort.

— I eit slikt tilfelle, der vedkommande blir stoppa gong etter gong, byrjar det å nærme seg fengsel utan vilkår, sa politiadvokat Erling Melvær til Bergens Tidende da 56-åringen i juni var stoppa for tredje gang.

Samtidig som 56-åringen notorisk ignorerer forbodet mot å kjøre bil, står han midt oppe i ei anna straffesak.

I Fjordane Tingrett står mannen nemleg tiltalt for ei lang rekke andre lovbrot. Det dreier seg i all hovudsak om avgiftssvindel og dokumentfalsk, det meste i samband med bilimport og utleige av polsk arbeidskraft.

Krev 2,5 års fengsel

Det spesielle i saka er at den gjentekne ulovlege bilkjøringa skjer i tida mellom sjølve rettssaka og domsavseiinga i Fjordane tingrett.

Omfanget i straffesaka, kombinert med ferieavvikling i dommarpanelet, gjer at dommen ikkje blir avsagt før i slutten av august, medan den vekelange rettssaka mot 56-åringen vart avslutta så tidleg som 20. juni.

Aktor i straffesaka, politiadvokat Terje Gjertsen, har lagt ned påstand om to og eit halvt års fengsel for 56-åringen. På toppen kan mannen altså vente seg nye reaksjonar på den ulovlege bilkjøringa.

56-åringen har ei turbulent fortid som forretningsmann, og har sidan 90-talet vore gjennom mange rettslege kontroversar i samband med verksemda si i Norge og Spania. I 2006 vart han også domfelt, for blant anna svindel og dokumentfalsk.

Bergens Tidende