Ei kvige måtte reddast med helikopter etter å falle 10-15 meter utfor ein høg hammar aust for Kirkeeidssetra i Stryn.

— Det er heilt utruleg at ho overlevde, seier bonde Anders Kleppe til bt.no.

Måndag morgon oppdaga han at kyrne hans gjekk på ein farleg plass.

— Eg sa til kona at vi berre måtte reise opp med ein gong for å jage dei tilbake, fortel Kleppe.

Trodde ho var daud

Vel framme såg han at fire kyr gjekk på eit bratt svaberg som leda ned mot ein hammar.

— Eg tenkte at dette kunne gå gale, og tok det veldig roleg medan eg kalla på kyrne for ikkje å skremme dei.

Etter litt godsnakk kom tre av kyrne mot han, mens den fjerde glei og fall.

— Ho for rullande kant i kant nedover svaberget. Eg håpa at ho skulle stanse, men ho for utfor den høge hammaren. Det var eit fælt bråk då ho landa, seier Kleppe.

Etter å ha forsikra seg om at dei andre kyrne var i sikkerheit, vendte Kleppe tilbake til kviga som fall utfor.

— Eg forventa at ho var daud.

Luftig redningsaksjon

Men då han kom ned i steinura stod kua på alle fire, til bonden si store overrasking. Med unntak av nokre skrubbsår på nasen og beina, hadde kua kome uskadd frå fallet.

Men det var heilt uråd for bonden å få kua ut av den stupbratte ura.

— Viss eg skulle prøve å leie ho ut derifrå ville ho hatt fått store skadar. Så eg ringde han som driv helikoptertransport.

— I 20-tida kom helikopteret med selen som vi skulle pakke dyret inn i. Vi måtte binde ho fast i eit tre fordi det var så bratt der, samt at kua var uroleg.

Helikopteret kunne til slutt lette med kua på slep, og flyturen heim til garden gjekk fint. Frå beite gjekk ho på eigne bein inn i fjøset.

Pris ikkje viktig

I går var veterinæren på plass for å sjekke at alt står bra til.

— Han fann ikkje nokre skader. Ho oppfører seg heilt normalt, et godt og har normal temperatur. Det har gått utruleg bra, seier den letta bonden.

Om ein knapp månad skal kviga kalve, og bonden håper også at alt står bra til med kalven.

Kva redningsaksjonen kosta, veit ikkje bonden endå.

— Eg spurte ikkje etter det, vi måtte berre gjere det vi kunne.