Det snør tett på Austefjorden, og vatnet held knapt fem grader. Men ingen gjer mine til mytteri.

Her ute gjeld instruktøren sine lover. Når han seier hopp, er det berre å hoppe. Ein etter ein jumpar kursdeltakarane over bord. I den iskalde fjorden blir dei liggande og duppe som oransje bøyer.

NUTECs tryggingskurs for sjøfolk er ingenting for frosne pingler. Men verken kulde eller alder skremmer 81-åringen Bjarne Botnen.

— Eg er i god fysisk form. Eg trimmar tre gonger i veka, to timar kvar gong, seier Botnen, då han kjem opp på land igjen.

Førte postbåt som 12-åring

Flåtetrening, brannslokking, bruk av redningsdrakter og havariøvingar er obligatorisk på kurset, som har ei nedre aldersgrense på seksten år.

Men ingen øvre.

Botnen er eldste kursdeltakar nokonsinne, snart sytti år etter at han begynte sin maritime karriere. Han var berre tolv år gamal, då han førte postbåten til faren i det smale Fyksesundet.

For atten år sidan pensjonerte han seg frå ingeniørjobben i Bergen. 81 år gamal er han framleis båtførar i den same fjordarmen, med vekselvis post og turistar som frakt.

— Eg har fleire medhjelparar, og planar om å trappe ned. Men eg vil gjerne ha dette sertifikatet, slik at eg kan føre ein båt til eg blir nittifem, for den del, seier Botnen til Bergens Tidende.

Turistskyss i moden alder

Då han pensjonerte seg i 1986, begynte ein ny karriere: Turisme. I sommarhalvåret skyssar Bjarne Botnen turistar inn Fykesundet til den veglause grenda Botnen, der han sjølv er født og oppvaksen.

— Når eg er på sjøen, har eg eit stort ansvar for passasjerane. Det er grunnen til at eg tek dette kurset, forklarar Botnen.

Også om vinteren er Botnen å sjå til rors. Han er ein av fleire som køyrer skyssbåten, som legg frå kai éin gong i veka om vinteren.

— Ikkje kven som helst kan gå innover der når det er is om vinteren, seier han.

— Har du opplevd dramatiske ulykker nokon gong?

— Nei, men når vi går ut Hardangerfjorden er det eit stort ansvar å ikkje renne ned småbåtar som fiskar midt i leia.

- Lærerikt

På kurset må 81-åringen både hive seg ut frå synkande båtar, og kravle seg i om bord i både redningsflåtar og livbåtar.

— Interessant og lærerikt. Dessutan får du sjekka deg sjølv og dine eigne krefter, synest Botnen.

— Du føler ikkje at du står tilbake for langt yngre deltakarar på kurset?

— Nei, absolutt ikkje. Eg føler meg i god form for dette kurset.

ALDER INGEN HINDRING: Han er bestefar til sju og 81 år. Det hindrar Bjarne Botnen frå å delta på eit tryggingskurs for sjøfolk på Sotra. Her ser vi Botnen like før han tippar ned frå redningsflåten og ut i fjorden. <br/>Foto: JAN M. LILLEBØ