Glupske kjeftar av stål et seg innover i kokstørka på Odda Smelteverk. Ein vasskanon skyt skyer av fine dropar inn over bygningen. Vatnet bind støv og betrar arbeidsmiljøet.

To karar frå Telemark, Trond Hegna og Sveinung Bakka, har jobben med å få ned dei svære konstruksjonane. Dei har starta med kokstørka. Karane sit på breie og tunge gravemaskiner, dreg i spakar og styrer dei mektige kjevane.

— Alt vi tek ned må vi dela opp etterpå i småstykke ned til ca. halvannan meter, seier Sveinung Bakka. ?Metallet i desse bygningane skal fraktast ned til hamna og lastast om bord i skip. Reisemålet er stålverket i Mo i Rana, der metallet skal smeltast om og vinnast att, seier Bakka.

Bakka og kollegaen, Trond Hegna, er underentreprenørar for Norsk Gjenvinning Metall, som har kontrakten på rivingsarbeidet.

— Her satsar vi på 100 prosent gjenvinning. Det finst og mykje kablar i konstruksjonane. Dei går til eit firma i Drammen som driv med bearbeiding av kablar, seier prosjektsjef Ole Petter Nilsen i Norsk Gjenvinning Metall til BT.

Riksantikvaren for riving

Det har vore delte meiningar om rivinga av kalkomnane. 31. mars 2011 vart det nedlagde Odda Smelteverk freda av Riksantikvaren. I Hordaland fylkeskommune og i Miljøverndepartementet vert det arbeidd med å få Odda, Notodden og Rjukan inn på UNESCO si liste over verdsarv. Dei tre industristadene representerer gammal industri basert på vasskraft.

Men i fredingsvedtaket frå 31. mai 2011 vart kokstørka og kalkomnane haldne utanom. Eit underpunkt i fredingsbrevet summerer opp Riksantikvarens standpunkt:

«Riksantikvaren fredar ikkje kalkovner/kokstørke på B3-området, og stiller seg positiv til ein eventuell saneringsprosess».

Riksantikvar Jørn Holme støtta seg då på ein uttale frå tyske ekspertar, som meinte at for ein UNESCO-søknad kunne det greia seg med "eit representativt utval bygg/konstruksjonar frå Odda-anlegget som er unike globalt." Kalkomnane har ikkje denne "internasjonale dimensjonane", står det i fredingsbrevet.

Eit ufullstendig smelteverk

Hordaland fylkeskommune har heile tida hatt det standpunkt at kalkomnane måtte fredast saman med resten av Odda Smelteverk. No innser fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd at dei må godta riving. Andre som markerte seg mot riving av kalkomnane var direktøren ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal, Randi Bårtvedt, formannen i Bergen Arkitektforening, Morten Ramm Salbu og arkitekturhistorikar Siri Skjold Lexau.

Handlesenter

No er det ingen veg attende. Rivinga er i gang. Ein av dei som er glad for det, er styreleiar for selskapet Smelteverkstomta Næringsutvikling, SNU, Karstein Bremnes. SNU eig heile Odda Smelteverk, både det freda og det som ikkje er freda, og det var SNU som i fjor søkte om løyve til å riva kalkomnane. Odda kommune sa ja, fylkeskommunen sa nei, men til sist avgjorde Fylkesmannen med sitt ja. Rivinga frigjer eit område som SNU ønskjer å utvikla til næringsformål, og som selskapet kan tena pengar på. Men når det kan skje, er uvisst.

— Arbeidet med riving og rydding av området her er ferdig i løpet av sommaren. Til så lenge er arealet mellom smelteverket og riksvegen regulert til allmennyttige føremål, museum og slikt. Der ligg det ikkje mykje forteneste. Kommunen har rett nok varsla ein ny reguleringsplan som opnar for næring, som til dømes eit handlesenter. Det kan gje gode inntekter, men så langt har ingenting skjedd frå kommunen si side, seier Bremnes.

Han minner om at det tok åtte år å få ferdig den førre reguleringsplanen for smelteverkstomta.

Ingen vil kjøpa

Aller helst ville SNU kvitta seg med den freda delen av Odda Smelteverk.

— Vi hadde planar om å utvikla den nordre delen til eit handlesenter. Meininga var å riva ein god del av cyanamidfabrikken og noko meir, men å ta vare på sentrale element av smelteverket. Men dette måtte vi slå frå oss då Riksantikvaren gjekk inn for freidig av heile cyanamidfabrikken, seier Karstein Bremnes. No er han på utkik etter ein kjøpar, men innser at det kan verta vanskeleg å finna nokon utanom kommunen, fylket og/eller staten.

— Det er ingen pengar å tena på eit freda Odda Smelteverk. Då kan vi ikkje venta å finna private kjøparar. Smelteverket krev tvert om store utlegg for sikring og istandsetjing. Vi er ikkje interesserte i å bruka pengar på det. Det offentlege må ta ansvaret, seier Karstein Bremnes.

PAUSE: Maskinkøyrar Sveinung Bakka frå Heddal i Telemark vekslar mellom rivingsarbeid i Odda og køyring og skogsarbeid i heimbygda. På biletet ser vi skaltaket over råstofflageret til Odda Smelteverk. Det er freda, men heng fysisk saman med kokstørka og kalkomnane. Difor må fylkeskonservatoren og dei som riv verta samde om kor "grensesnittet" skal gå. Kokstørka reiser seg til høgre. Bak kokstørka står kalkomnane.
Roar Christiansen
RIVING: Trond Hegna frå Notodden styrer den eine stålkjeften som riv kokstørke og kalkomnar bit for bit på Odda Smelteverk. Den kvite skya bakom er dusjen som ein vasskanon sprutar over bygningen. Mykje stål er alt kome ned på bakken.
Roar Christiansen