Mens ei arkitektgruppe berre vil riva litt, vil ei anna gruppe riva halve og ei tredje heile den eksisterande betongbygningen. Torsdag presenterte Statsbygg fem konkurrerande utkast til det som skal bli eit tidsriktig og funksjonelt studentsenter på Nygårdshøyden i Bergen.

— Det er enno eit ope spørsmål om det blir riving, ombygging eller nybygg, seier leiar for evalueringsgruppa, sivilarkitekt Per Aksel Larsen.

Første spadetak i 2003?

Nytt svømmebasseng, trendy kaféar, vrimleareal, studentradio- og avis og idrettsanlegg er noko av det bygget på 12.000 kvadratmeter skal romma. Det 30 år gamle Studentsenteret på Nygårdshøyden er i dag totalt nedslitt. Det er fire gonger så mange studentar ved universitetet som då anlegget vart bygd, og behova har endra seg for alle brukarane. Bokhandelen, kaféane og idrettsanlegga i bygningene stiller heilt andre krav til funksjonalitet i dag enn for ein generasjon sidan.

— Dei fem forslaga er alle veldig spanande, synest eigedomssjef ved Universitet i Bergen, Martha Skauge: - No håpar vi på løyvingar på statsbudsjettet, slik at prosjektet ikkje stoppar opp. Hvis departement og storting seier ja, kan bygginga av det nye studentsenteret ta til hausten 2003.

Dei fem utkasta

Fem arkitektfirma har levert inn utkast til konkurransen om nybygg/ombygging av Studentsenteret i Bergen. I tillegg til Bjerk og Bjørge AS og Arkitektgruppen CUBUS frå Bergen, deltek Lusparken Arkitekter AS i Trondheim, Geir Dyrvik Arkitekter i Oslo, 4B Arkitekter i Oslo. Arkitektgruppen CUBUS AS i Bergen har levert inn sitt utkast i samarbeid med HLM Arkitektur & Plan AS/Fuggibaggi Design. Men kva firma som har levert inn dei ulike utkasta, er ikkje offentleg.

  • "Nystemten": Byggjer på eksisterande konstruksjonar. Inngang frå Parkveien. Eksponert svømmehall, og forelesingssal som er skulpturert som eit egg! Føreset 30 prosent riving av eksisterande bygg.
  • "Driv": Eit prosjekt som vil riva heile det eksisterande Studentsenteret. Idrettshall og andre tunge aktivitetar blir lagt ein etasje ned, mens bokhandelen blir skilt ut som eige bygg. Studentbustader på taket. Gjennomgåande park i anlegget, som i hovedsak er av glas.
  • "Studentalmenningen": Smalt bygg med glas på begge sider. Breie lysgårder og transparente veggar med kontakt mot byliv og park på alle kantar. Kontor ut mot Olaf Ryes vei. Føreset 50 prosent riving.
  • "På høyden": Eit opnare bygg med to nye etasjar oppå dei eksisterande. Svømmehall ut mot Parkveien. Føreset 80 prosent riving.
  • "UV": Bygget er organisert ut mot Olaf Ryes vei og Botanisk hage. Stort indre torg som nærmast skyt rygg. Føreset at 50 prosent av dagens bygg blir rive.
UV: Bygget er organisert ut mot Olaf Ryes vei og Botanisk hage.
Tor Høvik
NYSTEMTEN: Byggjer på eksisterande konstruksjonar.
Tor Høvik
DRIV: Eit prosjekt som vil riva heile det eksisterande Studentsenteret.
Tor Høvik
STUDENTALMENNINGEN: Smalt bygg med glas på begge sider.
Tor Høvik
PÅ HØYDEN: Eit ope bygg med to nye etasjar oppå dei eksisterande. Svømmehall ut mot Parkveien.
Tor Høvik