Sist onsdag omtalte VG Hans Engelsen Eide og Kari Traa som freestylemafiaen på Voss. Dei stussar ikkje på å gje svar på tiltale.

I Gudfaren seier Clemenza: «Leave the gun. Take the cannolis». På Voss seier me: «ta deg ein bolle». Og me legg ikkje hestehove i sengene, men sjølvsagt smalahove, skriv Kari Traa i ei pressemelding.

Tilstår

– No som sauen er ute av striesekken, som det heiter på Voss, og Vossamafiaen er avslørt, får eg vel berre legge korta på bordet. Finansiering av kulekøring har me alltid ordna gjennom utpressing av lokale sauebønder, svartebørssal av Vossafår, og ved å skvise Vegard Ulvang ut av samvirkelaget på Voss. Me prøvde lenge å få konsesjon til å drive Kari Traas Casino og Bar på Fleischer’s Hotel, avslører Kari.

Mafia-blod

Ho vedgår også å ha smugla ei og anna vinflaske på reisene sine.

– I årene mine renn det blod frå Sicilia. Det hender difor at me tyr til ufine middel i kulekøyrar-leiren. Krokspenning og snøballkasting skjer titt og ofte. På seine vinterkveldar har me også spela yatzy, der det har vorte satsa fleire tiarar, og eg vinn sjølvsagt kvar gong. Det er ingen som køddar med meg!

Kom i bakken!

Om nokon vil oppleva det hardbarka mafiamiljøet, er det berre å ta turen til Myrkdalen under verdscupen 18. – 22. februar.

– Men sjå opp for snøballar og anna usømmeleg åtferd, åtvarar Kari «Capo Di Vossa Fori» Traa.

Moro eller berre teit? Kva synest du om Kari Traas mafiastunt?

VOSSAMAFIA: Bak freestyle-familien sitt overhovud, Hans Engelsen Eide, Capo Di Tutti Capi. Framfor sit Kari Traa, hans høgre hand, også kjend som Capo Di Vossa Fori.FOTOMONTASJE: SVERRE HJØRNEVIK OG KJELL HÅKON LARSEN (eitt bilete kvar)