HILDE KRISTIN STRAND

To unge menn som er på jakt i fjellområdet mellom Etne og Sauda melde i ettermiddag frå til AMK-sentralen om at dei ikkje kjem seg ned frå fjellet grunna dårleg vêr. Då bt.no snakka med politiet i 20-tida var 10 mann frå Raude Krossen som er kjent i området på veg opp mot Sauanuten. I verste fall brukar ein nokre timar på turen.

— Mennene har sagt at dei er om lag 1200 m.o.h, seier operasjonleiar Rune Hollekim i Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt.

— Det er tjukk skodde, regn og vind på staden. Sikta er om lag 10 meter. Mennene er kledde for jakt, men dei er våte og kalde, og prøver å halda seg i rørsle og finna ly, seier Hollekin. Det er for dårleg vêr til at helikopter kjem seg opp i fjellet.

— Kan dette verta dramatisk?

— Me får håpa dei har funne ly. Og dette er folk som har vore ute i terrenget før, seier Hollekin.