— Visst er det vemodig, seier fyrbetjent Egil Olsen (50), medan han ser mikrobølgeomnen bli løfta om bord i Kystverket sitt farty «Oljevern 01».

Saman med kollegaen Ronny Lundø er han den siste som har budd fast på fyret ytst i Korsfjorden.

— Eg kom hit i 1999, og har trivest godt. Fyret har vore min andre heim. Her har eg vore åtte månader i året, seier Egil Olsen.

Karane har gått i ei skiftordning med fire veker på fyret, og to veker fri.

Olsen kjem til å sakne hauststormane.

— Dei har sin sjarm. Det har vore spanande å sitje trygt og godt innandørs og sjå på naturkreftene, seier han.

Fyrmeisteren pensjonert

Det første året på fyret arbeidde bergensaren Egil Olsen saman med den legendariske fyrmeisteren Gisle Klepsvik frå Austevoll. Han gjekk av i fjor sumar, etter teneste på fyret i heile 28 år.

— Nesten godt at han ikkje er her i dag under flyttesjauen. Det hadde vore vondt for han å sjå på, seier Egil Olsen.

— Eg kjem til å sakna dei gode historiene hans, føyer Olsen til.

Marstein fyr blei tatt i bruk i 1877. Det skarpe, kvite lyset frå fyrkuppelen er synleg fleire sjømil unna. Glaskuppelen er den samme som vart montert i tårnet for 125 år sidan.

Det 17 meter høge, kvite tårnet i havgapet er meir enn eit seglingsmerke for skipstrafikken. Fyret er ein institusjon for kystfolket. Mange kystbuarar er sterkt imot at fyra gradvis vert avfolka.

Automatisert

For nokre år sidan vart drifta av fyret automatisert. Dermed fekk folka på fyret mindre å gjere.

— Dei siste åra har vi drive med vedlikehald, fortel Egil Olsen.

Og det har karane på Marsteinen gjort grundig. Fyrtårnet og bustadhuset skin glitrande kvitt i maisola.

No skal dei verte ein slags frifantar som fer opp og ned kysten for å ta vare på fyr og lykter.

— Sjølv om det er litt trist å dra herifrå, er det ei naturleg utvikling. Det er ikkje lenger nok arbeid til to mann her på fyret året rundt, seier Egil Olsen og kollegaen Ronny Lundø.

Tjuvpakk uønska

No ønskjer dei berre at fyret og det som er att på land får stå i fred.

— For to år sidan kom det tjuvpakk i land og stal både tv-en og andre eigedelar, seier Egil Olsen.

No er det ikkje noko att på fyret som tjuvar kan ha glede av. Egil Olsen og Ronny Lundø trilla det meste ned til sjøen, der det vart heist om bord i «Oljevern 01».

Sløkte ikkje lyset

— Eg reknar no med at vi kjem attende for å ta vare på fyret. Kanskje dreg eg hit på ferie òg, seier Egil Olsen.

Ved middagstider i går forlet han og Ronny Lundø sin faste arbeidsplass for siste gong. Men sistemann sløkte ikkje lyset, slik vanleg er når arbeidsplassar blir forlatne for godt. Lyset på Marstein fyr skal blinke i minst 125 år til. Forskjellen er berre at det frå no av skal brenne utan tilsyn. 32 tonn med diesel blei lossa i land, og skal syte for at lykta ikkje sloknar første året.

FLYTTESJAU: Fyrbetjent Ronny Lundø trillar tv-en ned til sjøen. Karane er klare til å forlate Marstein fyr.
FOTO: ARNE NILSEN