Me fekk sjå vakre antrekk og spennande gamle teknikkar. Festklede, arbeidsklede og undertøy. Nokre av desse underskjørta kunne vore brukt som festantrekk i dag!

Dette er handverk frå ei tid der ikkje alt skulle gå så fort som no.

Nesten gløymt

Vis ser flotte eksempel på pulsvarmarar, bunadsskjorter som er strikka, vottar i flotte mønster og ulike teknikkar som ein knapt nok kjenner til lenger.

Etter kvart får vi demonstrert tvebandstrikk, og vi tar ivrig fram garn og strikkepinnar og prøver oss.

Flotte kantar på pulsvarmarar, genserar eller vottar. Og vi får det til etter kvart!

Ein stor takk til Randi Andersen for ein flott kveld.

Snømann

Neste tysdag, 18 november, ser vi fram til ny strikkecafe. Det blir årets siste, og vi får besøk av Torill Eidsheim frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Då blir det demonstrasjon i bruk av filtenåler. Vi får lære å lage snømann! Det blir og høve til å sjå litt av vareutvalet i ull og garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Me anbefaler på det sterkaste alle strikkeglade å ta turen til Åsane Folkehøgskule sin strikke-cafe frå 19.00— 21.30 denne kvelden.

Tvebandstrikk.
Solgun Styve
Ein stor takk til Randi Andersen for ein lærerik kveld!
Solgun Styve
Detalj frå gammal strikketrøye.
Solgun Styve