Siste strikk - for i år
Førre strikkecafe fekk me ein fin dose inspirasjon og gode idear frå farne tider då Randi Andersen held foredrag og viste bilete frå samlinga til Osterøy museum.
- Publisert: 16.nov.2008 22:23
- Oppdatert: 16.nov.2008 22:28
Me fekk sjå vakre antrekk og spennande gamle teknikkar. Festklede, arbeidsklede og undertøy. Nokre av desse underskjørta kunne vore brukt som festantrekk i dag!
Dette er handverk frå ei tid der ikkje alt skulle gå så fort som no.
Nesten gløymt
Vis ser flotte eksempel på pulsvarmarar, bunadsskjorter som er strikka, vottar i flotte mønster og ulike teknikkar som ein knapt nok kjenner til lenger.
Etter kvart får vi demonstrert tvebandstrikk, og vi tar ivrig fram garn og strikkepinnar og prøver oss.
Flotte kantar på pulsvarmarar, genserar eller vottar. Og vi får det til etter kvart!
Ein stor takk til Randi Andersen for ein flott kveld.
Snømann
Neste tysdag, 18 november, ser vi fram til ny strikkecafe. Det blir årets siste, og vi får besøk av Torill Eidsheim frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Då blir det demonstrasjon i bruk av filtenåler. Vi får lære å lage snømann! Det blir og høve til å sjå litt av vareutvalet i ull og garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Me anbefaler på det sterkaste alle strikkeglade å ta turen til Åsane Folkehøgskule sin strikke-cafe frå 19.00- 21.30 denne kvelden.
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Trygg i trafikken?
Her kan du gå opp til førerprøven. Test deg selv med 20 spørsmål.
-
«Eg køyrde no ikkje så fort»
18-åringen hadde nett fått førarkort og sportsbil då det small. Henrik (16) døde.
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 07:41 Søppelbilsjåfør forsøkt ranet
- 07:34 - Jeg kommer som supporter
- 07:34 Sp-topp på lobbytur til England
- 07:25 Lastebil mot bil i Damsgårdstunnelen
- 07:10 Leteaksjon i Trollheimen
- 07:03 Trafikkulykke i Odda
- 06:58 Pågrep kaffetyver
- 06:00 Artister vil våke for Hardanger
- 06:00 Helmine ble født fem dager for sent
- 06:00 Ingen lever farligere i trafikken











































