• Det er for tidleg å døy som åtteåring, sa prest Thor Brekkeflat. Deretter helsa klassekameratane den livsglade jenta med song.

Urneseremonien for Kirsti Kulseth og gravferda til dottera Shyrin Mossallaee Kulseth i Årstad kirke i dag blei eit gripande farvel med dei to som miste livet då tsunamien slo inn over Thailand. I ei vakkert pynta kyrkje der bårebukettar og kransar var lagt som dekorasjon langs heile midtgangen, viste familie, slekt og vener dei to den siste ære.

— Nyheita nådde oss først i det små 2. juledag. Sidan voks det seg stort. At dei to var sakna kom som eit sjokk. Det førte til veker med veker med frustrasjonar, håp og fortviling. Til slutt gjekk det opp for oss at det ikkje lenger var håp, sa prest Brekkeflat som forretta under seremonien.

Han fann det vanskeleg å snakke om mor og dotter kvar for seg:

— Dei gjorde alt samstundes og i lag. Dei var saman om det meste.

Ferieturen saman med Ole Berge Drægni og dottera Shyrin var den siste før dei skulle flytte saman i ein storfamilie.

— Tradisjonar og natur var viktig for Kirsti. Difor blei lukka så stor då ho blei kjend med Ole. Dei hadde så mykje felles, dei hadde så mange draumar saman. Ho sa ho hadde møtt sin «soul mate». No såg ho fram til å bli mor på ny, fortalde presten.

SISTE HELSING: Medelevane i 3. klasse på Kronstad skule song «Gje meg handa di, ven» og «Vem kan segla förutan vind» under gravferda i Årstad kirke i dag.