I dag skjedde gjennomslaget skjedde like ved den spesielle rundkøyringa inne i fjellet.

Det var Ulvik-ordførar Mona Hellsnes som trykte på knappen for siste salve, før anleggsfolket kunne feire med dram på røysa.

Ordføraren gjorde som ho fekk beskjed om av prosjektleiaren hjå entreprenøen AF, Nils Ola Hoff. Det høyrdest eit lite knepp, så ingenting, men så kom bulderet, Heile Vallavik rista.

Konjakk på røysa «Ladden» av gass og støv frå eksplosjonen seiv ut gjennom den 700 meter lange tunnelearmen mot Hardangerbrua som er under bygging.

Arbeidsfolket, sjefar og gjester tok seg inn dei 500 metrane frå Vallavik i «gamletunnelen», og kunne konstatera at ordføraren hadde gjennomført et presisjonskot. Knust stein låg i ei pen røys.

Opp på røysa klatra Øyvind Søvik, Statens vegvesen sin prosjektleiar for Hardangerbrua, takka anleggsfolket og gratulerte.

Deretter klatra prosjektleiaren hjå entreprenøren AF, Nils Ola Hoff, opp på røysa med den tradisjonelle flaska, og hella konjakk ut over steinmassane. Like tradisjonalt styrta dei to AF-basane Ken Ove Vassgård og Olaus Nygjerdet til med kvar sitt glas og sikra seg nokre edle dropar.

— Eigentleg skal røysa sin skål syngjast, men ingen av oss tre har songstemme, bortforklarer Hoff.

Rundt stabben

Vallaviktunnelen opnar att tidlegast 23. november, og då vil trafikken bli leia på austsida av den ti meter tjukke (nederst) stabben som dannar midtsirkelen i den framtidige rundkøyringa.

Når Hardangerbrua opnar, blir den nye tunnelarmen hovudveg, medan noverande blir lokalveg til Ulvik, Osa, Vallavik, Djønno og Tjoflot.

Tunelldrifta har gått etter planen, trass utfordringane med ein 25 meter høg tunnelmunning mot fjorden (tilsvarar hus på åtte etasjar) og rundkøyring med kantarellforma stabbe ståande att i fjell.

Oppgradering Den 7 kilometer lange armen nordover mot Granvin vert også oppgradert medan tunnelen no er stengt. Det er sprengt ut to nye havarinisjer, og ei nisje stor nok til å snu eit vogntog.

— Eg kan ikkje lova nytt lys i denne delen av tunnelen, fordi det høyrer ikkje med i Hardangerbruprosjektet, seier Søvik.

Men han ser gjerne at det blir løyvt pengar over andre budsjett så skikkeleg veglys kan vera på plass til bruopninga.

På den andre sida av fjorden er begge fundamenta ferdig støypte, og støypinga av det 201,5 meter høge brutårnet er kome i gang.