Måndag 24. januar troppa den 42 år gamle ektemannen opp på lensmannskontoret i Førde og melde kona si sakna.

Ho hadde kome til Førde frå deira felles heimland i desember 2010, og paret hadde budd saman nokre veker. Dei gifta seg i heimlandet i 2008.

— Steig av på Oslo S

I avhøyr med politiet har mannen gjeve ulike forklaringar på omstenda kona forsvann under.

Først skal mannen ha forklart at han reiste utan kona frå Førde til Bergen, og at ho var borte då han kom tilbake. Etter det Bergens Tidende kjenner til, skal den siste forklaringa hans gå på at han og kona kjørte saman til Oslo, og at ho steig av ved Oslo Sentralstasjon. Dette skal ha vore den 4. eller 5. januar, og mannen skal ikkje ha sett henne sidan.

I Oslo skal sikta også ha besøkt ei anna kvinne som han fekk eit barn med i 2010.

— Min teori er at ho ikkje har vore utsett for noko kriminelt, seier lensmann Jan Egil Tvinde i Førde.

Han grunngjev dette med opplysningar som har kome fram under etterforskinga.

Kripos er no kopla inn i saka, og Bergens Tidende veit at dei konsentrerer seg om eit spor som fører inn i Sverige. Grunnlaget er at siste aktivitet på sakna sin mobiltelefon er registrert på ein basestasjon på andre sida av grensa torsdag 6. januar.

Grovt brot

Politiet frykta at mannen skulle øydeleggje bevis, og ønskte han varetektsfengsla i to veker med brev— og besøksforbod. Dette gav Fjordane tingrett grønt lys for, men sikta anka og fekk medhald i Gulating lagmannsrett. Denne rettsavgjerda vart oppretthalden då påtalemakta anka vidare til Høgsterett.

Mannen er berre sikta for falsk forklaring, og ikkje for å ha noko med forsvinninga å gjere. Der er eit lovbrot som normalt blir straffa med bøter eller betinga fengsel, og retten meiner det er overhengande risiko for oversoning.

Sikta måtte sitje heile fem døgn på glattcelle, noko forsvarar Ivar Blikra reagerer sterkt på.

— Eg meiner dette er eit grovt brot på føresegna om at glattcelle berre kan brukast i to døgn, før ein person skal overførast til vanleg fengselscelle, seier advokaten.

Fekk ikkje flytte heim

Ifølgje lensmann Tvinde blei mannen sitjande på glattcelle fordi det ikkje fanst ei ordinær varetektscelle å oppdrive i heile landet.

  • Ingen fengsel hadde plass, seier han.

Blikra meiner tiltaka politiet har sett i verk, ikkje står i forhold til det mannen er sikta for. Det blei teke beslag i alt han eig i husværet han leiger, og dessutan bil, pc og mobiltelefon. Det er gjort omfattande ransakingar, og då mannen blei sett fri, fekk han ikkje lov til å flytte heim. Ifølgje Blikra sytte politiet for innkvartering ein annan stad dei første dagane.

— Han blei sleppt ut til ingenting, seier forsvararen. - Min klient opplever at det er ein svært vanskeleg situasjon at kona er sakna.