Både Stoltenberg— og Bondevik-regjeringa har avvist ei vidare utbygging av Hattebergvassdraget. Dermed skal det svært mykje til for at Stortinget neste månad har eit anna svar på anken frå Kvinnherad kommune sitt kraftselskap.

Slik var omkvedet i Rosendal i går, sjølv om komitéen fekk oppleva baronibygda og hennar omstridde vassdrag på sitt vakraste i går. Sjølv om saksordførar Ingmar Ljones (KrF) sa at ingen ting er avgjort før komitéinnstillinga ligg føre 11. eller 12.juni. Og sjølv om rundt 30 utbyggingstilhengjarar møtte den amputerte komitéen ved kraftstasjonen i Muradalen, tre kilometer innanfor baroniet. Sju av 13 komitémedlemmer møtte.

Det energiselskapets direktør Terje Enes må setja sitt håp til, er at to av utbyggingstilhengjarane i komitéen, Leif Frode Onarheim (H) og Rolf Terje Klungland (Ap) får med seg sine respektive parti i Stortinget.

- Bygg ut! - Legg ned!

Stortingsrepresentantane fekk møta representantar for kommunen, grunneigarane og vasverket som er for utbygginga, og Naturvernforbundets leiar Erik Solheim som er imot.

Men ikkje minst fekk dei høyra skarp argumentasjon frå to menn på kvar si side i striden, Kvinnherad Energis marknadssjef Svein Bergseth og Sigurd Vikøren, som har leia Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget i 25 år.

— Det handlar om ei heilt nødvendig opprustning av eit nedslite anlegg. Eit lite prosjekt nasjonalt, men viktig og stort for oss i lokalmiljøet, sa Bergseth, som hevdar at motstandarane har nytta desinformasjon og kjendisar knytt til Baroniet Rosendal.

— Dette er ei stor natursak, ei stor kultursak, men ei lita kraftsak. Legg heller ned heile kraftverket, så blir det ro ein gong for alle om saka, sa Sigurd Vikøren, som gav Stortinget honnør for gong på gong å ha skore gjennom byråkratane og utbyggingsinteressene sine forsøk på å gå lenger enn det ti år gamle vernevedtaket for vassdraget gir rom for.

— Eg vil enno ikkje gi til kjenne eit standpunkt. Men no har vi eit felles utgangspunkt, regjeringa si innstilling, og vi har sett området, seier Ingemar Ljones (KrF) til Bergens Tidende.

— Eg har også merka meg det som baronieigarane har uttalt, og vil ikkje seia meir enn at eg ikkje ser baroniet her frå Muradalen, sa Ljones.

25 ÅR: I 25 år har Sigurd Vikøren t.v. kjempa mot utbygging av Hattebergvassdraget, neste månad avgjer Leif Frode Onarheim (H) og resten av Stortinget om utbyggjaren til sist får viljen sin.<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR